Monthly Archives: august 2011

Ein søndag i San Telmo

Standard

I Noreg går me søndagstur. I Buenos Aires dansar dei seg ein tango.

Etter ei god natts svevn i mi gode dobbelseng med dobbeldyne, åt eg frukost på taket. Ja, det høyrest eksotisk ut, og det er det. På dei fleste tak her i byen er det ikkje tak, men ein open platting med høg mur kring. Perfekt til å sola seg på, kanskje spionera på naboen, kika på stjerner, ula mot månen, eller eta frukost i morgonsol slik som eg valde. Eg er ikkje heilt kommen i tralten når det kjem til matlaging her, då komfyren enno manglar tilkopling av straum og gass og ei har skruknottar til å styra gassen med, så det vart yoghurt med cornflakes. Men det er ikkje verst å eta yoghurt med cornflakes på eit tak i Buenos Aires…

Gjennom ymse media hadde eg snappa opp at søndagsmarknaden i San Telmo, altså det området som eg bur i, skulle vera verd ein tur. Då stengjer dei av så å seia heile gata Defensa, og så har dei marknad der. Me sala opp apostelhestane våre og dro i veg, og det vart ei oppleving – du store alpakka. Her kunne ein kjøpa litt av kvart… Sjølvsagt var det smykke og armband av alle slag, der var målerier, kassettar (!) med ymse musikk, piper, små dampmaskiner, klede, tasker, trommer, fløyter, koppar og fat, knivar og gaflar, fine skilt til alt som finnest av rom, osv osv osv. Ein artig, gammal kar selde nokre hanar av tre og papir med ein hyssing festa til. Denne kunne ein dra i med ulik kraft og intensitet og få fram dei lekraste  hanegal. Slik gjekk eg og vurderte både det ein og det andre, då eg plutseleg vart vàr at det stod ein haug med folk i kring ein open plass. Øyro mine fanga også opp liflege argentinske rytmar og tonar. Der midt i ringen stod eit nydeleg eldre par som på elegant vis bukserte seg kringom kvarandre i rein og skjær tangolukke, medan eit par tilårskomne gitaristar tonesette det heile. Eg måtte smila til meg sjølv. Dette var det Argentina eg hadde høyrd om, dette var det Argentina eg skal få oppleva.

I kveld har me alle vore samla på Casa Pichincha (no har eg lært meg stavinga…) på fyrste samling. Christian, som er sjefskoordinator for heile opplegget, gjekk igjennom ymse info om studiet, Buenos Aires, tryggleik, osv, og me fekk sjå og helsa på mange av lærarane me skal ha. Etter dette var det grillfest med argentiske pølser og kjøt, med paiar og salatar, og med flaskevis av argentisk vin. Eit liveband spela bluegrass (!), eit par viste oss korleis tango skal utførast,  og ei dame song noko som ein trygt kan kalla World Music. Slik gjekk kvelden over i natt, og etter ein koseleg taxitur er eg no attende i leiligheten og rommet med den gode dobbeltsenga med dobbeldyne. I morgon er det fyrste dag på skulebenken, og me byrjar med ein spansktest for å sjå kva me har av førkunnskap.

Reklame

Buenos Aires

Standard

10 grader og regnver. Det er igrunn heimekoseleg, det!

I dag tidleg landa eg i Buenos Aires etter ein flyreise på 14 timar frå London. Før den tid hadde eg vengja meg frå Gardermoen til London på snaut to timar. På Gardermoen var eg, som son av far min, mest tri timar før flyet skulle ta av. Det er godt å ha god tid! Eg myste kringom meg i kring ein time før eg traff ei som eg hadde sett fjeset på på den boka med fjes i, og som eg slik visste var ute i same ærend som meg. Etter kvart dukka fleire og fleire mysande sjelar opp gjennom slusene på veg mot utanlandsfarardelen av flyplassen. Sjelar som myste og myste etter andre som myste. Slik fann me kvarandre, me heldige som skal studera i Argentina komande halvår. I London var gruppa vakse til 15-20 mysarar.

Flyturen Atlanterhavet på langs vart ei stille affære. Eg såg ein film om aliens som angreip jorda og ikkje minst Los Angeles, ein film som ikkje er verdt å sjå. Etter dette var eg såpass trøtt at eg ikkje klarte å følgja med på noko skjermbilete, men heller ikkje trøtt nok til at eg sovna som ein stein. Eg slumra meg heller gjennom dei 14 timane. Og slik gjekk det faktisk ikkje så seint, heller.

På flyplassen i Buenos Aires var det den sedvanlege slusinga forbi ymse tollarar og farisearar før me kunne henta sekkar og koffertar. Det var då eg vart vàr køkulturen i Argentina. I beste engelske stil stod me i ein flott, lang anakonda av ein kø som snirkla og bukta seg langs alle transportband og korridorar fram til siste sjekk før fridomen. Her var ikkje rom for å vera frampå, ein laut fint finna seg i å vera ein fast del av denne Amazonas stolthet, anakondaen. Då me så var komne ut i fridomen, stod det to staute, og passande skjeggete, argentinarar og venta på oss. Dei delte oss inn i grupper og sende oss så avstad med bussar og taxiar til Casa Pinchaninca (dette klarar eg ikkje så stava rett, men til informasjon er det ein plassane me studentar skal ha tilhøve) der me fekk frukost og vart fordelte på leiligheter.

Eg, og ein hyggeleg kar som heitter Anders, skal dela ein leilighet i avenidaen Chile, hus nr 969. Eg trur det ligg i San Telmo. Fint er det i alle fall. Eg har fått meg eit stort rom, med det som for meg er ein uvand, men eksotisk utsikt. Her skal eg altså bu dei neste tri månadane. Eg gler meg!

♫♬♫♬…og jeg vil reeeeeeiiiiisee heeelt til Arrrrrgentiiiiinaaaaa!♫♬♫♬

Standard

Han sa det godt, Eivind «Ratiti» Løberg.

No sit eg på Gjøvik hjå syster Therese og ventar på at siste del av fyrste del av reisa skal ta til. Onsdag tok eg farvel med far og mor og reiste til Bjørg og Matthias i Drammen. Så reiste eg vidare til Gjøvik i går. No skal eg snart ta bussen til Gardermoen. Er litt spent.

Den siste månaden har eg brukt til å skriva litteraturoppgåve om boka «Kiss of a Spider Woman», av den argentinske forfattaren Manuel Puig. Dette er fyrste del av pensumet for litteraturdelen av studiet i Argentina. I tillegg har eg brukt tida på å friska opp dei spanskglosene eg framleis minnest, samt å sjå litt på korleis det spanske språket er bygd opp. Kjenner no at eg nok kunne fått jobba meir med den delen, men det er no i Argentina eg skal ta til med studiene for fullt.

På tysdag var eg oppe hjå bestemor for å seia hadet. Bestemor er ikkje vidare hiven på at eg skal reisa vekk frå Suldal i det heile, og særs ikkje når eg viste ho kor langt vekke Argentina var. Ho er glad i å ha oss kringom seg, bestemor 🙂 . Normalt sett er ho oppteken av at eg skal finna meg ei jente snart, ei snill jente som kan eg kan bu i Suldal med og få mange ungar med. Då eg ymta frampå at eg kanskje fann meg ei der nede i dette Argentina, fekk fela ein annan lyd… «-Å, nei! Det må du’kje finna på! Du må komma tebars, Eskil!». Så då veit eg det. Finna kjærleiken i Argentina… eh, nei! Då eg skulle forlata bestemor, trilla eg ho inn til Moste Tordis. Der måtte eg også fortelja om kva eg skulle gjera, og ho var vel heller ikkje heilt overtydd om at dette var det luraste ein kunne finna på. Då eg gjekk derifrå, kunne eg høyra dei prata saman. Moste Tordis: «-Eg kan’kje anna enn å le av di’… alt de» di» ska finna på». Like sikkert kom det frå bestemor: «Ja….. UUUFFF».

 

Neste oppdatering på bloggen blir i Buenos Aires, Argentina. Der landar eg laurdag kl 8, lokal tid.

 

Eskil

Grenserittet 2011

Standard

Så var det gjort. Det eg har trent for i heile år,  og hatt dårleg samvit for ikkje å ha trent nok for. Grenserittet. Strömstad til Halden. 84 km.

I år hadde eg med eige crew, nærare bestemt Ida Nerheim. Ho køyrde meg til Strömstad, tok bilete av meg, og plukka meg opp på festningen i Halden etter rittet. Det var godt å ha sjåfør. Ein sjåfør som riktignok vart så trøytt at eg laut køyra bilen frå Drammen og heim. Men godt lag er ho, Ida!

Eg var spent på korleis det ville gå å gjennomføra rittet i år. Har ikkje fått trent så mykje som eg gjerne ville og burde, men litt har det no blitt. Som vanleg sov eg dårleg siste natta, med dei vanlege draumane om forferdelege krampar, om fall og knall, om å forsova seg, om å oppdaga at det er 84 mil istaden for kilometer, osv… Fekk likevel nokre timar svevn i ei herleg seng hjå syskenbarnet til Ida. Oppvartinga var det heller ikkje noko å seia på.

Som vanleg var eg i godt tid framme ved Gymnasskolan i sentrum av Strömstad, og sat meir og mindre og venta i halvannan time på å få starta. Ingenting er som å grua seg… Noko av det mest minnerike eg gjorde der var å velta med sykkelen midt i ein fotgjengarovergong. Midt blant bilar, syklistar og tilskodarar. Moro! Heldigvis er kroppen min mjukare enn asfalten, så det gjekk så fint atte…

Rett etter passering av E6, ca 75km igjen av rittet

Pga mitt noko låge treningsgrunnlag hadde eg lagt den enkle strategien om å opna forsiktig fyrste 4 mil, for så å auka på om eg hadde noko å auka

på med. Altså same opplegget som fyrste året eg sykla rittet. Dette fungerte fint. Eg var sindig og lot andre fresa frå meg heile vegen til norskegrensa, heldt pulsen låg, åt og drakk godt, plystra og song, og nøyt turen. Veldig fin måte å sykla ritt på! Etter matstasjonen etter 4 mil byrja eg å dra litt på, og det fungerte fint. Låra kjendest gode ut og eg byrja passera folk igjen. Etter ca 5 mil skjedde så det kjedelege at eg punkterte. Eg kan ikkje minnast sist det skjedde, så eg kikka igrunn litt undrande ned på det flate bakdekket. Etter litt meir undring, kom eg så på at eg hadde ein ekstra slange liggjande i setetaska. Den har lege der sidan eg sykla rittet for fyrste gong i ’09. Eg fekk av bakhjulet, klarte å få av dekket rimeleg raskt, fekk av slangen, bytte med reserveslangen, og pumpa det eg var god for med sykkelpumpa mi. Ingen reaksjon… Etter litt undersøkjing av pumpa konstaterte eg at den i alle fall fungerte, og fann så ut at det var hol i reserveslangen også…. Ja, ja, tenkte eg med meg sjølv, der var årets ritt

Sliten, men godt nøgd!

spolert. Det var ei mil i kvar retning til næraste plukk-meg-opp-punkt. Etter litt vurdering på kva eg skulle gjera, kom ein servicemotorsykkel køyrande. Han stoppa og hadde heldigvis ein ekstra sykkelslange som eg kunne få. Etter å ha fått av dekket og bytta slangen, klarte eg heller ikkje no å få luft i. Eg hadde feil pumpe til den type ventil slangen hadde. Etter fleire lange minutt kom endå ein servicemotorsykkelmann køyrande – og han hadde sykkelpumpe. Endeleg kunne eg fortsetja rittet.

Dei siste 3 mila var prega av mykje energi, gode lår (med littegrann krampenapping, berre), forbikøyring etter forbikøyring, og ein herleg spurt etter me fekk Coca-Cola 5 km før mål. Godt nøgd kom eg inn til mi dårlegaste tid på desse tri åra. Eg grugler meg allreie til neste år!