Monthly Archives: september 2011

Daglegliv i Buenos Aires

Standard

Vaskemaskina mi i Buenos Aires er ei lita, koseleg kinesisk dame som held til i sin Lavaderia ei gate ned og to til høgre for der eg bur. Eg leverar skitne klede, ventar nokre timar, kjem attende med 20 pesos (snaut 30 kroner),og går heim med nyvaska, nystrokne klede. Ein slik vane kan verta vond å venda…

No er livet i Buenos Aires meir rett å kalla daglegliv. Eg er kommen inn i tralten. Dagane flyg forbi som frie fuglar, og om ikkje lengje er vekene som var fleire enn vekene som kjem.Vekedagane består stort sett av det same. Eg byrjar 9 eller halv 11 med spanskleksjon eller spansk seminargruppe, så et eg eit føremiddagsmat i kantina i kjellaren på fakultetet, og så gjer eg lekser fram til 3-4 på ettermiddagen. Etter det følgjer litt ymse påfunn, før eg et middag i «Peru» – det før nemnde eine studenthuset nokre av oss bur i. Der har nemleg eigaren, Leandro, sett i gong med matservering kvar kveld for dei som vil ha. Me betalar 150 pesos, dvs kring 200kr, for måltid 5 kveldar i veka. Forrett, hovudrett og dessert. Alltid med meir til den som spør. Heilt grei pris, igrunn…

Tysdagar er det spansk-amerikansk litteratur som står i fokus. Då har me førelesningar med diktarkongen Éze, som guidar oss gjennom historia til argentinsk og anna latinamerikansk litteratur. Éze køyrer eit knallhard løp, for etter 2 timars førelesning har han 4 seminargrupper á 1,5 timar der me diskuterar tekstane me har lese siste veka. Det er artig, spennande, og utfordrande å få kjennskap til heilt ny litteratur. Siste veka har me jobba med dikt av forfattaren Pablo Neruda. Eg likte godt diktet «Dikt XX». Det er å lesa på nynorsk om ein vil, sjekk ut «Dikt i utval. Av Paulo Neruda» omsett av Kjartan Fløgstad.

På onsdag var det noko dei kallar for «den fyrste vårdagen». Det er den 21.september, og universitetet gjev då studentane fri til å henga i parkane og nyta livet. Me var maks heldige med været denne dagen. Varmt og flott, ikkje vind. Nokre argentinarar me er blitt kjende med hadde invitert oss i ein park for å spela fotball og for å praktisera spansk. Det vart fotballspeling, prating, latter og liv, i varme timar utover ettermiddagen. Riktignok blir det mange stotrande spanske setningar, men jammen er det god trening. Og argentinarane er tydelegvis eit folk med tålamot. Mange vart også for fyrste gong introdusert til drikken Máte, nok dei drikk i Argentina og nabolanda ikring. Det er som ein slags «te av høy og ugras», men det er faktisk ikkje så gale når ein blir vane med det.

-Åh, forresten så har eg kjøpt meg gitar! Det var ei fantatisk oppleving. Ei svensk tjej og eg var ute i same ærend, og slo oss saman for å få ein god pris. Me snusa innom ulike gitarforretningar til me fann ein som selde argentinske. Begge var igrunn ute etter ein så billeg modell som mogleg, men hadde ikkje heller lyst til å kjøpa kinesisk. Det måtte jo vera argentinsk, sjølvsagt! Medan me sto og prøvde ulike modellar, kom ein flott, kraftig, eldre herremann inn i butikken. Han hadde sixpence, tweedjakke, firkanta briller, og valde seg ut ein fin gitar berre for å spela litt. Nydelege tonar strøymde ut i lokalet. Han leika seg kjærleg med strengane. Så måtte eg spela litt for han, og enda opp med å spela litt av Lillebjørn Nilsen, som heldigvis gjekk heim hjå han og andre tilhøyrarar. Og sidan eg song også, fekk eg han til å syngja litt. Som trollbunden stod eg der lyttande og smilande medan han trylla fram ei argentinsk vise som sikkert handla om tapt kjærleik. Fantastisk! Den svenske tjejen og eg  gjekk glade ut av butikken med kvarsin argentinske gitar under armen.

Så litt om mat i argentina. Far min hevdar det beste kjøttstykke han nokonsinne har fått servert var på Shepp Ranch langt ute i villmarka i Idaho, USA. Det er det kanskje, men det viser også at han ikkje har vore i Argentina. For her er biffen som fløyel, som sukkerspinn på tunga, saftig som drygt mogne plommer, med smak utav ei anna verd. -Ja, litt som om det var Willi Wonka som hadde produsert biffen. Og ein får så det monar. For ein hundrelapp får ein eit kjøttstykke, nei.. det blir for simpelt…, eit himmelsk kjøttstykke på kring halvkiloen, og i tillegg poteter, salat, og vin. Den beste biffen er den som er grilla, og det er dei fleste. Min favoritt er blitt Bífe de Chorizo, som er ein slags t-bone steak. Den har god feittrand. Og er saftig. Sjå bilete…

Argentinarar er glade i å gå ut, og det gjer dei seint. Ein går ut for å eta middag, for å dansa, for å festa, for å prata, for å drikka kaffi. Middagen, som også her er det viktigaste måltidet, et ein gjerne etter kl 10. Ja, det er ikkje uvanleg at ein ser familiar eta middag kring midnatt midt i vekene. Ute på restaurant. Med ungar. Spansklærerinna mi, Sól, såg undrande på meg då eg fortalde at me vanlegvis åt mellom 4 og 5 i Noreg. -Kan det vera sunt? Og skal ein ut og nyta nattelivets gleder treng ein ikkje nøyta seg… Konsertar byrjar sjeldan før midnatt, barane er opne til sånn 4-5 på morgonen (og stengjer kun fordi det er på dei tider nattklubbane opnar). Og glade dreg ein heim etter at hanen har sagt sitt… I kveld, til dømes, skal eg fyrst på ein historietime om Argentina. Den byrjar i halv sju-tida. Så dreg me til bydelen Palermo for å eta biff. Blir vel i 11-tida, det. Seinare er det konsert med nokre lokale band. Som byrjar i eitt-tida.

Slik går no dagane…

Reklame

På Boca-kamp

Standard

I Buenos Aires er det fint ver. På La Bombonera regnar det. Spytt.

Å fara på fotballkamp når ein er i Argentina er noko ein berre må gjera. Difor gjorde me det. Og vart ikkje skuffa. Gjennom Eduardo, ein av desse før nemnde argentinarane med skjegg og godvilje, hadde me fått fiksa kampbillettar til ein del av stadion som skulle vera toleg trygg. Me var i alt 13 studentar som tok i veg, og 13 som kom attende. Argentina er ein fotballnasjon, det er det ingen tvil om. Og når laga i toppserien barkar saman blir det eit liv som får troillonga, plankehaugar, store stå, horder og blåkvalar, måker og kråker, til å verka som små sus i siv. Det var trommer og song i 90 minutt, og så song og tromma dei litt til. Men fyrst korleis ein kjem seg på kamp.

Me troppa opp i Peru (som er kallenamnet på huset til gjengen som bur i Peru-gata) og fordelte billettane mellom oss. Så tusla me forventningsfulle i retning av stadion. Ein av oss hadde lese litt på kartet og skulle ha nokonlunde peiling på vegen, me kan kalla han Stig, og han losa oss ut av trygge San Telmo og inn mot litt meir utrygge Boca. Sjølv om han hadde stålkontroll på vegen var det greitt at ei, me kan kalla ho Vilde, hadde med kart. Uansett var det forresten berre 12 av oss på den tida, for ei av oss hadde hatt litt problem med å nå fram til Peru i tide. Me kan kalla ho May. Likefullt såg me snart stadion lysa opp i det fjerne. Og det gjer han verkeleg, stadion til Boca Juniors. Dei kallar han La Bombonera, og er høg og gul og ikkje heilt rund. Me hadde fått øyro og hovud full av ulike åtvaringar frå Eduardo om kor mykje som kunne vera farleg nede i Boca under Boca-kamp, så det var ein noko forsiktig gjeng som prøvde å finna fram til rett inngong. Det fann me ganske raskt, i alle fall i følge tryggingsvaktane som losa oss inn i ei sluse som gjekk mot stadion. Der fekk nokon seg hamburgar og kola, medan andre trippa og venta på å få komma inn. Då me så skulle inn, viste det seg at me var i feil ende av stadion. Me vart sende ut og rundt eit par kvartal til ei ny sluse. Då me viste politiet billettane våre, såg dei raskt på kvarandre og stillte oss inntill eit gatehjørne medan fleire stod vakt kringom oss. Me hadde tydelegvis havna i slusa som bortesupportarane kom inn i, og dei ravande og lett bedugga grøn-svarte supportarane var ikkje rette folket for oss, meinte politiet. Omsider sende dei oss vidare rundt nokre kvartal til, og då fann me rette inngongen. Berre dei flotte blå-gule supportarane til Boca Juniors. For å gjera resten av inntoget kort kan eg fortelja at kom oss inn på stadion utan noko særleg trøbbel, og at me plasserte oss på kortsida saman med ihuga Boca-fans. Og at May, etter å ha tatt taxi til stadion, klarte å smila seg gjennom diverse kontrollpostar slik at ho kunne få billett av oss og slik komma seg inn.

Eduardo hadde nemnd noko om at me burde komma oss under tak slik at ikkje dei som sat i høgda over oss kunne hiva ting ned på oss. Pøh, er vel berre tull, tenkte dei fleste av oss, men tri av jentene fekk seg difor plass heilt øverst på etasjen vår. Det viste seg imidlertid at det var bortesupportarane som sat på øverste høgde over kortsida me sat på, og at dei har for vane å spytta og hiva ymse kroppsleg utskil ned på bocafans. Fotballkultur. Fotballkultur. Argentina.

Kampen enda 1-0 til Boca. Så er me ferdige med det. Boca var best, pressa høgt, hadde dommaren med seg i fyrste halvdel og tildels mot seg i andre, og klarte å få det avgjerande målet. Flott spel. Det er derimot det som skjer på tribunen som er morosamt å skriva om. Dei syng her i Argentina. Syng flott! Det er ikkje noko slags fomlande og halvkveda heiarop, dei syng og trommar songar frå fyrste til siste minutt. Eg trur eg kunne skilja ut 5 songar som kvaddest gjennom kampen, og spesielt på eit par av dei gjekk det kaldt nedover ryggjen. Heile stadion hoppa og dansa og song i takt, medan trommene gjalla og trompetane bles. Og for eit lydnivå! Etter beste evne song me med, og klappa og heia, og prøvde oss på argentinske gloser me snappa opp her og der. Det kuliminerte då Boca fekk målet sitt etter kring 80 minutt. Då heiv folk seg i armane på kvarandre, hylte, dansa, lo. Ein av oss, me kan kalla han Kim, vart heilt reven over ende og fekk ikkje med seg målet eingong.  For ein stemning!!

Det var då spyttklysene byrja å falla. Som kvite,

stilsikre Stuka-fly, stupa dei nedover og landa på både det eine og det andre. Hettegenser er eit sjakktrekk då. Men slikt får ein heller leva med. Det er fotballkultur. Det er annleis. Det er sjarmerande på sitt vis.

Så var kampen over. Me måtte venta i spyttregnet ein halvtimes tid på at vår del av stadion skulle losast ut, og då me skulle gå ned trappene viste det seg at San Martin-supportarane hadde vore såpass fotballinteresserte at dei ikkje hadde vore på do i løpet av kampen – og heller samla alt i koppar og kar og slengt deg kringom seg på veg ned trappene. Og Kina sin gule flod fekk slik ein argentinsk konkurrent. Ikkje så veldig sjarmerande, men likefullt fotballkultur. Fotballkultur. Argentina. Godt me ikkje gjekk i sandalar…

Vel ute av stadion var det berre ein kort spasertur heimatt til San Telmo. Takk for ei flott fotballoppleving. Eg skal garantert tilbake dit!

Masa Critica

Standard

Medan eg sykla gjennom Buenos Aires sine gater, kom eg til å tenkja på den gongen Erik i Neset sykla baklengs medan han sat på styret. Då var eg ovsleg imponert. Det vart eg i dag også!

Masa Critica er ei verdsomspennande protestrørsle som ynskjer å setja fokus på forureininga bilparken utsett jorda vår for. I over 300 byar vert det med jamne mellomrom organisert demonstrasjonar. I Buenos Aires er det den fyrste søndagen i kvar månad. Dette føregår på følgjande måte: ein samlar ein haug med syklistar, desse syklistane klumpar seg saman og syklar ut i trafikken, denne klumpen blokkerar trafikken korhen klumpen fér. Ein form for sivil ulydnad, litt opprørsk, litt «stick it to the man», osv… Alt føregår i svært rolege omstende, og det er mykje smil og latter – om enn mest frå syklistane.

Så der stod eg altså, då, ved den store obelisken på gata 9 de Julio. Det var der me skulle møtast, me syklande demonstrantar, pedalgeriljaen. Eg visste ikkje noko særleg om kva det var eg skulle gi meg ut på, men eg rekna med det var toleg trygt og greitt sidan det var kursleiarane våre som hadde tipsa oss om det. Fyrst tenkte eg at det var jammen ikkje mange syklistar som hadde komme, og det var kanskje forståeleg i den kalde, argentinske søndagsvinden. Ein heil haug med fotsoldatar var der riktignok, men som eg etter kvart forstod var dette ungdommar som var samla for å markera at det kun var eit par veker til Justin Bieber skal komma til Buenos Aires. Dei song Justin Bieber-songar, hylte sånne beatles-jentehyl, og vifta med plakatar der det stod «Når Justin Bieber smilar, smilar Argentina». Det stod det også på dei flotte, lilla t-skjortene alle gjekk med. Vel, bieber-fever’en roa seg etter kvart, og då kom det også fleire syklistar syklande. Me var kring 10 frå Kulturstudier samla, og kring 390 andre syklistar. Ein heil klump, altså! Her var syklar i alle formar og fasongar, og frå dei dyraste dyre til dei meir av kaliberet som Erik i Neset sykla på i min barndom. På signal frå ein eller fleire som sette i nokre hyl, heiv me oss ut i trafikken. Det vart raskt sendt beskjedar hit og dit slik at feltet vart godt samla – og i ei slik breidde at me blokkerte vegen. Gata 9 de Julio er ei gate med 16 filer på det breiaste, men me tok kontroll over kun 4. Slik byrja me vår triumfferd gjennom gater og vegar kringom i Buenos Aires. Det var syklistar som hadde stereoanlegg med seg, nokre gav ut kaker og knask, nokre spela trommer og song, nokre bles i hjallarhorn. Dei fleste av oss sykla berre, og klappa og ropa litt stundom. Moro! I rein rebelliver trødde eg forresten av den eine trøa på sykkelen min og måtte sykla dei fyrste 3-4 kilometer kun med venstrefoten, men i eit lyskryss litt nord i byen klarte eg ved hjelp av ein hendig argentinar og skiftesløkjedl hans å få trøa festa igjen.

På førehand hadde kanskje vore greitt å undersøkt litt kor lengje slike sykkeldemonstrasjonar plar vara, og kor langt ein eigentleg skal sykla, for etter kvart kom me oss ganske langt nord i byen og vekk frå alle gater og bydelar som eg har vore i. Og blant hundrevis av syklistar som ropar og skrålar er det lett å mista dei ein kjenner. Og kva gjer ein når ein er einsam, blant hundrevis av syklistar, milevis frå kjende landemerkje? Jau, ein heng på og vonar at toget går attende til utgongspunktet. Etter kvart fann eg då heldigvis to svenske tjejer som går på spansk med meg, og me haldt oss sånn nokonlunde i augnekrokane til kvarandre. Det gjekk ein time. To timar. Tri timar. Me sykla og sykla og blokkerte trafikken både her og der. Mørkt vart det. Og kaldt. Og vågemeg trur du ikkje at ein etter ein forsvann det syklistar kvar til sitt? Den store massen av syklistar som virka så uovervinneleg byrja no å virka meir og meir som ein flokk urokråker som drog frå stad til stad for å laga ugagn. Ugler i mosen. Ulvar i gatene. Og der sykla eg. Eg lo litt for meg sjølv då eg sykla forbi ein butikk som heitte «Fema». Nå får eg vel ei, tenkte eg…

Etter ei stund ropte leiarane at me skulle sykla inn i ein park. Der fann den eine svenske syklisttjejen fram eit kart, og me fann ut at me var laaangt på andre sida av Buenos Aires. Ei stund vurderte me å sykla ein hovudveg gjennom byen for å komma oss heim, men plutseleg heiv demonstrantane seg rundt igjen og freste i veg og me vurderte det slik at det berre var best å hengja på. På usikre spansksetningar fekk eg veta at  me var på veg tilbake til obelisken og 9 de Julio-gata, så då var det berre å ta sjansen. Nye kilometer forsvann medan me navigerte oss hit ei gate, dit ei gate, ned den gata, opp den gata. Flokken vart mindre og mindre, og det var ikkje lenger noko poeng i å prøva å blokkera trafikken, no var det berre å markera at «Joda, det finnest syklistar som syklar i Buenos Aires sine gater».

Etter 4 timar og 30 kilomter tilbakelagt kom me endeleg fram til utgongspunktet, og godt var det. Hadde me fortsatt nokre kilometer til trur eg knapt det hadde vore andre i demonstrasjonstoget enn ein hólsvulten suldøl og to svenske tjejer… Det var kun 20 syklistar som vende attende til obelisken!

Stolte, og glade for å vera i heimlege trakter, sykla me så heim. Det var moro, interessant, imponerande, og eg gjer det igjen om ein månad!

Hit eit steg og dit eit steg…

Standard

…dansar eg bort på skuleveg. Og passar meg vél for ikkje å trø i hundeskiten. For det er ein del hundeskit på fortaua her, det må nemnast. Og så får det vera med det. Ein lærer å trø varsamt…

Studieplassen min er ein stor, flott bygning i stein og mur. Det var opprinneleg eit bygg Presidente Perón let byggja til veldedighetsarbeidet Eva Perón dreiv med, og høyrer framleis Perón-familien til. Universitetet får låna det inntil vidare. Me har førelesingar i litt ulike etasjar, og spring opp og ned steintrapper heile dagen. Eit staseleg og helsosamt bygg, altså! I kjellaren er det ei kantine som serverar god og billeg mat.

I går hadde me fyrste dag med undervisning. Profesór Eze skal leia oss gjennom den spansk-amerikanske litteratur, og det virkar til å vera eit interessant opplegg. Me hadde fått ein 50-60 sider å lesa til timen. Dette var historiske tekstar frå oppdaginga (eller *kremt* attoppdaginga) av Amerika. Det eine var Colombus sitt brev til kongen og dronninga av Spania der han fortel om oppdagingane sine, det andre var ein av soldatane til Cortéz som skildrar kva som skjedde då conquistadorane møtte

Montezuma, kongen av Tenoctlitlan (aztekarhovudstaden). Til kvar time får me nye tekstar me skal lesa, og så brukar me timane på å prata om dei. Veldig interessant! Seinare på dagen fekk me også ei innføring i tolking av litterære tekstar, ein kunnskap kjære Kari Koch ein gong prøvde få inn i skallen min – og vel ikkje heilt nådde inn med…

I dag hadde eg fyrste spanskleksjon. Me har ein lærar som heitter Jørgen og som har gjort argentiner av seg. Det var ei enkel innføring i korleis det spanske språket er oppbygd, og korleis me skal jobba framover. Kjenner det er godt å komma igong. Det er skikkeleg artig å vera på skulebenken att, ei kjensle som sikkert vil variera noko utover hausten. Eg sit og noterar, rekkjer opp handa, svarar læraren, osv. Akkurat som ein av mine eigne elevar. Ikkje bråkar eg heller. Akkurat som mine eigne elevar.

Me er delte inn i studiegrupper etter kva nivå me er på. Eg har havna saman med to svenskar, ei dansk og ei frå Volda. Hyggelege alle saman. Gruppelæraren vår heitter Sol, ei skinande argentisk frøken som pratar spansk akkurat sakte nok til at eg forstår kva ho seier. Merka fort at denne gruppa var ein stad eg nok kjem til å læra mykje i, for ho sette oss raskt igong med å prata spansk. Eg har allreie fortald på spansk til to svenskar, ei dansk, ei frå Volda, samt ei frøken frå Argentina, at bestemor ikkje var heilt nøgd med at eg hadde reist så langt som til Argentina.

No skal eg sova.