Monthly Archives: oktober 2011

Las Cataratas de Iguazú – eller eit narraktig svært fossefall, om du vil

Standard

I helga var eg på reisefot for fyrste gong sidan eg landa i Argentina. Etter snart to månadar i storbyen Buenos Aires skulle det vera godt å komma seg ut litt, kjenna friskare vind fylla lungene, sjå meir grønt enn grått, høyra andre lydar enn frå folk og trafikk. Så me valde oss likegodt dei enorme fossefalla ved Iguazú, på grensa mellom Argentina og Brasil. Me, det var Terje, Tom, Tina og eg.

Det er fullt mogleg å ta fly til Iguazú, og det er det nok mange som gjer. Byen som me skulle bu i låg på den argentinske sida av fossefalla, ca 150 mil frå Buenos Aires rekna slik bilane fyk. Me valde istaden å ta buss, då desse skulle vera riktig så komfortable. Klokka sju på torsdagskvelden troppa me difor opp på Retiro Rutebilstasjon med førehandstinga billettar i lommane. Selskapet heitte Expreso Singer og tok oss dei 18-19 timane opp til Puerto Iguazú, som er namnet på den byen eg ikkje nemnde med namn litt lenger oppe i teksten.

I øvre etasje på bussen var dei vanlege seta, men me hadde tinga plass i 1.etasje på 1.klasse. Det kom på kring 1000 kroner att og fram, men det var absolutt verdt det. Det var kun plass til 12 personar på 1.klasse, og det har den enkle forklaring at det då er mogleg nesten å liggja i horisonten om ein legg ned seteryggjen og strekkjer ut føtene. Herleg!

Etter 19 timar og ei god natts svevn, var me framme i den no allereie nemnde byen. Det var utruleg godt å kjenna skikkeleg temperatur igjen. Gjennom helga låg temperaturen på drygt 30 grader på dagtid og 25 på nattestid. Heilt etter min smak :). Eg hadde vore såpass framsynt at eg hadde tinga hostell. Dette var eit koseleg, lite hostell som heitte Timbo Posada. Me fekk oss plass på eit timannsrom med aircondition, og i bakhagen var det både ein bar/frukostresturant, eit lite badebasseng, internett, tv og hengjekøyer til å slappa av i.  Etter å ha installert oss i dette lille paradiset, heiv me oss rundt for å vitja den brasilianske sida av fossefalla. Las Cataratas de Iguazú er verdas breiaste fossefall og ligg altså på grensa mellom Brasil og Argentina. Her gjer elva Iguazú eitt stup ned frå platået Parána, eit stup som me altså no skulle vitja. I snitt ligg vassmengda på drygt 1700 kubikkmeter i sekundet, dvs som 6 gonger Suldalslågen på maks spyleflaum, med ei rekordmåling på 12800 kubikkmeter i sekundet. Alt dette vatnet hiv seg utover ein kring 2 km lang kant på platået, og det gjer det til det breiaste vassfallet i verda.

Når eg seier «heiv oss rundt», betyr det at me fann oss ein drosjesjåfør som kunne ta oss over grensa, køyra oss ned til der den brasilianske delen av fossefalla byrjar, venta på oss der, og så køyra oss attende til hostellet etter nokre timar. Denne sjåføren heitte Rudolfo og var ein hyggeleg kar me brukte heile helga. Han var ein kløppar til å få oss snøgt gjennom grensekontrollane og hadde mykje artig å fortelja om både det eine og det andre. På den brasilianske sida av falla er det det best å få god oversikt over falla, då dei fleste av desse fell ned på argentinsk side av elva. Det var nesten ikkje til å tru då me for fyrste gong festa blikket på dette naturens vidunder. Så vidt som våre stereoskopiske, avstandsmålande augo klarte å famna var det kvite fossar som brusa og fossa og leika seg med vind og luft på veg ned til botnen. Det er ikkje til å nekta for at eg nynna litt på «Du vesle bekk» i det eg tusla bortover fine, flotte gongstiar som tok oss nærare og nærare sjølve storfossen. Stiane på brasiliansk side enda opp i ei slags bru som gjekk ut midt i fossefalla der ein kunne stå og bli klissblaut. Fantastisk! I vasspruten frå nokre av fossefalla kunne ein faktisk sjå regnbogar. Kjensla mi var litt som dette…

På laurdagen dro me til den argentinske sida. Her var det mykje meir å finna på, og me enda opp med å bruka heile dagen. Fyrst tok me eit slags smalspora tog opp til der fossefalla byrjar. Frå togstasjonen måtte me gå ca ein kilometer på nokre lekre bruer ut til kanten, og den delen av fossefalla dei kallar Djevlehalsen. Igrunn er det vanskeleg å forklara kor mektig ei oppleving det er å stå på kanten og kikka ned og bort på fall etter fall. De får sjå på denne videoen eg tok… . Sidan flaut me nedover den øvre sida av fossane med ein liten raftingflåte der me såg både sneisne fuglar, skjelpadder, aligatorar og fiskar. Så gjekk me kringom på eit mylder av ulike stiar med utkikksplattformar over ulike delar av falla, før meg avslutta dagen med å ta ein racarbåttur inn i sjølve nedslagsfeltet for nokre av fossane. Terje og eg tok forresten turen saman med ein gjeng på kring 20 galne danske pensjonistar som var på sin årelege backpackartur… Ei oppleving litt utan om det vanlege.

På søndagen skulle me reisa attende til Buenos Aires, men tok oss tid til å fara til Paraguay for å sjå på kamera. Her skulle dei vera så billige. Det var dei også, men eg fann meg ikkje rette sorten. Litt tok me også turen for å få stempla Paraguay i passet, men vår wonderboy av ein drosjesjåfør var så god til å komma seg over grenser at det aldri vart registrert i Paraguay at det hadde vore nordmenn på handletur den dagen. Ja, ja…

Så etter nye 19 timar var me attende i Buenos Aires til ein kvardag med spanskleksjonar, eksamensnerver (jadå, det nærmar seg…), og kaldare klima. Det gjorde godt å komma seg litt ut og vekk…

Reklame

Berazategui – ei oppleving utanom det vanlege

Standard

Så sat me der. På scenen. Eg og to svenskar. Ei tromme, to gitarar… ustemde. Framføre oss sat og sto kring 200 forventningsfulle argentinarar, pluss ein neve europearar.

På søndag dro så å seia heile kullet som studerar her i Buenos Aires på ei utflukt til ein barrio – bydel – sør i Buenos Aires. Berazategui er namnet, og området er i stor grad befolka av argentinarar frå distriktet Santiago del Estero nord i Argentina. Dette er eit forhaldsvis fattig distrikt, og mange derifrå har søkt til Buenos Aires for å skaffa arbeid. Utvandrarane har stor medkjensle med dei som framleis bur i distriktet og arrangerar jamnleg innsamlingsaksjonar for å betra levekåra til si nordlege slekt. Det var ei slik tilstelning me skulle vera med på.

Klokka halv eitt på samla me oss på togstasjonen Constitución. Dette er ein togstasjon ein helst ikkje skal tusla åleine kringom på kvelds- og nattetid, då ein fort blir eit kamera eller ei lomme pesos fattigare. Dei har forresten flotte togstasjonar her i Buenos Aires. Det var engelskmenn som i si tid konstruerte og åtte jarnbanane, men under president Juan Perón kom dei i offentlege hender.  Nok om det. Me tok i alle fall toget fram til stasjonen nær Berazategui og vart her lasta ombord i lastebilar og pickup-ar som tok oss fram til plassen tilstelninga skulle vera.

Folket frå Santiago del Estero er svært opptatt av sine røter og tradisjonar, og me vart gjennom dagen vitne til ei rekkje flotte danseoppvisningar og musikalske framføringar, og åt oss mette på tradisjonsrik mat. Festen vart halde inne i ein slags hall som delvis var i friluft, delvis under tak. Her hadde ein eit grillkjøkken, bord og stolar, ei scene, og ei stort dansegolv. Kringom gjekk det også feiande flotte jenter og selde lodd til inntekt for prosjekt i Santiago del Estero. Eg kjøpte nokre lodd, for å seia det slik…

Noko av det fyrste me vart inviterte med på var å dansa. Dei freskaste av oss heiv seg verkeleg utpå i dansen, og det må nemnast at Terje frå Vik i Sogn tok kaka. Med sine sensuelle rørsler, sine springhopp, sine djupe blikk, vart han fort ein favoritt blant dei dansegalne damene på 60+. For kvar eit steg gjekk det eit sus gjennom salen, og damene dåna, klappa, og vifta med skjørta.  Heldigvis var det også rom for mindre vågale nordbuarar, så mange av oss fekk kjenna latinske rytmar vri og venda på kroppen.

Då eg fekk meg mat, noko som sjølvsagt inkluderte nydeleg kjøt, kom det ein hyggeleg eldre kar bort til meg. Han såg litt mismodig ned på plastbestikket eg hadde fått utdelt og fann fram eit nydeleg, antikk bestikk. Eg trudde han då ville selja meg det, og var igrunn ikkje så interessert i bestikkhandling på det dåverande tidspunkt, så eg avslo høfleg. Mannen gav seg derimot ikkje, og etter gjentatte avslag klarte eg via nokre hyggeleg bordnaboar å forstå at han kun ville låna meg det så eg skulle sleppa å eta biff med plastikk. Dei er stolte over kjøtet sitt i Argentina, det er sikkert! Og kniven kunne eg brukt til å barbera meg med, han skar kjøt som var det solvarmt smør.

Frå scenen kom det stadig liflege tonar frå ulike gitargrupper, nokre med songarar, nokre utan. Felles var at det gav mange høve til dansing. Eduardo, du veit han argentinaren med langt hår og skjegg, hadde spurd oss om ikkje nokon av oss ville opptre som eit slags «gi-noko-tilbake-til-dei-som-gjev-oss-så-mykje», og det hadde me sagt ja til. På førehand hadde 4 jenter førebudd ein pardans med argentinske frendar, og 7 av oss hadde førebudd musikalske innslag. Til stor jubel gjennomførte jentene flott dansing, og etter ei stund var det tid for musikk. Fyrst var det altså han svensken på gitar, han svensken på trommer, og eg på gitar, som skulle i elden. Me hadde førebudd ein svensk klassikar «Jag hadde en gång en båt», og trass særdeles kraftig ekko på mikrofonane og ustemde gitarar som ein ikkje høyrde medan ein song, kom me oss gjennom det til stor applaus. Finare let det då me, forsterka med fire flotte jenter, song tri folketonar frå Sverige og Noreg. Kjekt å opptre! Og eg trur argentinarane sette pris på det, om det dog kanskje var noko uvanlege rytmar og på underleg mål.

Slik gjekk dagen mot kveld, og me takka etter kvart takk for oss og heiv oss i lastebilar for å finna tilbake til toglina, og så attende til storbyen. Ein stor takk til folket i Berazategui for at dei tok så godt i mot oss og viste oss så mykje spennande.