Så var opphaldet i Buenos Aires, Argentina, over. Det var det.
Den siste tida i Buenos Aires gjekk styggfort. Plutseleg var det kun veker igjen til eg skulle forlata biffens Mekka. Og plutseleg stod Herr og Fru Eksamen og banka på døra. Me hadde jo visst det ei stund, men eksamen på studenten er som julekvelden på kjerringa. Den skriftlege eksamen vart halde fredag 11.november. Munnleg vart halde i veka etter. Dei siste vekene gjekk slik med på å læra seg skilnaden på preterito indefinido og preterito imperfecto, skilnaden på ser/estar (som eg trur eg kjem til å blingsa med til min døyands dag…), kva to (2) setningar i bøyningsteksten om presens ein skulle putta inn subjuntivo, osv… Fredagen kom og gjekk og ferdig med det. Eller eg vil nemna at eg gjorde ein brølar av dei sjeldne då eg i rein bøyningsiver gjekk fem-på og bøygde 1.pers, eintal, av verbet «gustar» som «yo gusto»… Vel, vel…
Den munnlege eksamen var det verre med. Eg hadde som vanleg bygd meg opp ein nervøsitet som tilsa at eg skulle møta paven til bønedrøfting eller invitera Herr Hellstrøm til søndagsmiddag… Me hadde fått i oppdrag å velja eit tema me ville snakka om, og så kunne me bli spurd om andre ting etterpå. Kun 15 minutt i alt. Eg valde meg temaet «Argentinarar som har påverka meg gjennom livet». Kanskje litt pompøst, men det funka som knott i ost (ikkje at eg heilt ser kor bra knott i ost eigentleg fungerar). Så etter å ha prata om Maradona, Goycochea, Che Guevara og Mercedes Sosa, og prata litt om livet i Buenos Aires generelt, var eg ferdig med munnleg også. Og som vanleg var det ikkje meir skummelt enn å velja stripete sokkar til einsfarga stuttbukse. Og det er ikkje farleg, kan du veta!
Som avslutning hadde me ein kveld på ein bar. Då samlast alle studentar, lærarar, assistentar, sensorar og kursansvarlege til ein siste fest. Moro vart det, og sein vart det. Det var musikk og dans og latter og tårer. Guro og Linnea framførte ei rekkje av låtane sine, med «Red Moon in Buenos Aires» som eit klart høgdepunkt. Når høyrer me dei på radio?
Dei siste dagane i Buenos Aires gjekk med til å seia hadet til alle kjekke folk ein har møtt og blitt kjend med, til å selja sykkelen min, til å eta min siste biff i argentina (noko eg gjorde opptil fleire gonger…), og til å gleda seg til fortsetjinga. For mange innebar dette å komma seg heim til fagre heimland, for andre å hiva ryggsekken på ryggen og ta andre delar av Argentina eller Sør-Amerika i augnesyn. Eg heiv meg på flyet til Bolivia for å oppleva høgden, skriva heimeeksamen, og møta venner. Eventyret i Buenos Aires er over. Nye eventyr står for døra.
Takk for alt, kjære medstudentar og argentinarar. Me sjåast igjen!