Monthly Archives: februar 2012

Vulkanar, strender, bading…. og studering

Standard

Når berre eins eigne føter stikkande opp av hengjekøya er det som blokkerar utsikta til Stillehavet, har ein det ikkje så gale.

No har eg vore i Nicaragua i tri veker. Tida går fort! Det er mykje å oppleva, mykje å sjå, og mykje å lesa på. Ein må liksom freista å få til ein dagsplan som ikkje let noko av dette lida, og det kan til tider gjera døgeret hektisk. Klokka halv ti på kvelden seier kroppen som regel frå om at det er på tide å leggja seg, og vaknar faktisk stort sett av seg sjølv før seks på morgonen. Igrunn ein ganske så god døgnrytme.

Helga for to veker sidan var heile studentflokken på ein vulkan som heitter Cerro Negro, noko som omlag tyder «den svarte nuten». Dette er  verdas nest yngste vulkan, og vart forma for 150 år sidan. Han er ikkje høg, han er ikkje stor, men han er kólsvart. Og ein kan springja ned framsida  i ein slags silkesand/grus-blanding. Og det var nettopp det me gjorde. Me vart køyrde i buss ein halvtime utanfor León, traska ein halvtimes tid til toppen, tok dei obligatoriske utsikts- og hoppebileta, og sprang så ned vulkansida. Framifrå oppleving! Me såg ut som feiarar heile gjengen. Det har faktisk oppstått ein heil liten turistindustri på denne vulkanen: «Volcano-boarding». Turoperatørar tek med seg folk opp, utstyrer dei med ein slags blanding av eit akebrett og eit strykebrett, og sender dei så utføre vulkansida. Farten aukar og aukar og tilslutt endar dei opp ved vulkanfoten i ein hurrande fart. Kanskje noko eg må prøva!

Sist helg var ein gjeng av oss på stranda i Las Peñitas, som også er det plassen studiesenteret ligg. Her leigde me sengjer på Rigo’s Guesthouse, som vert drive av familien til vår kurskoordinator Rigo. Fin plass med kanskje den beste utsikta ein kan ha… den eg nemde øvst. Å liggja i ei hengjekøye og sjå på sola gå ned i Stillehavet, medan ein nippar kald drikke og høyrer på bølgjene, gjev ro i sjel og kropp. Fredagskvelden hadde eg også mitt fyrste nattbad i Nicaragua, og vart for fyrste gong i selskap av lysande morild. Ei oppleving eg seint vil gløyma! Kringom meg blenkte det i lysande små, kvite prikkar, og om eg tok handa under vatn og slo att og fram, sto det som loger kringom fingrane.

Laurdagen var eg på mitt fyrste surfekurs. Jadå, eg har vore på surfekurs. Og har vel innsett at eg nok høyrer meir heime på ski i skavlane i heio enn på brett i bølgjene her. Men moro var det. Me hadde alle kvar sin instruktør som viste oss korleis det skulle gjerast. Fyrst turrtrente me litt på stranda i kunsten å komma seg frå mageliggjande stilling til ståande på brettet, så bar det rett ut i bølgjenen for å freista lukka. Instruktøren dro oss ut, snudde oss, og skudde oss inn med lagelege bølgjer. Så var det å følgja med bølgja inn medan ein freista reisa seg på høveleg vis. Det gjekk ikkje så bra for min del. Eg kom ofte i ståande posisjon, men stort sett hadde eg då mista bølgja og eg var nøydd til å padla ut att.  Ja, ja… ein kan ikkje var god til alt :).

Søndagen reiste me ein gjeng på safari i ein mangroveskog som ligg like i nærleiken. Området er verna som naturreservat. Mangroveskogar er svært artsrike skogar som er tilpassa å både stå i fersk- og saltvatn, og ein finn dei typisk langs elvar som munnar ut i havet i tropiske regionar. Ein lokal guide tok oss innover elva så langt han kom med båt, så padla me vidare med kajakkar. Det var utruleg mykje flott å sjå. Krokodillar, iguanar, vaskebjørnar, fiskar (som hoppa opp i kajakkane), fuglar i alle fargar og fasongar. Innst i reservatet kom me til ein slags innsjø der det krydde av store, flotte, kvite, hegreliknande fuglar. Nokre var rosa også! Guiden me hadde med oss hadde ikkje der på eitt år, så eg kjende litt på oppdagarkjensla. Er rimeleg sikker på at det var folk der både før oss og etter oss same dagen, men det fine kjensla av å vera på oppdagingsekspedisjon var uansett ektefølt :). I staden for å ta båt ned elva igjen, bestemte me oss for å padla heilt tilbake. Det er ei avgjerd eg ikkje angrar på, sjølv om det kjendest godt i okslar og armar etter ei mil. Ved å bruka kajakk kjem ein endå nærare innpå dyrelivet, og alt er så stille og roleg kringom ein. Og å nå landsbyen med sola hengjande over både elv og hav er heller ikkje å forakta. Igrunn er det eit fint liv eg lever…

No høyrest kanskje livet her ut som berre leik og moro og fjas og tull, men det er det langt frå! Kvar dag er det leksjonar i didaktikk, spansk grammatikk eller latinamerikastudier, og  i tillegg er det gruppeundervisning også kvar dag. Tida ein ikkje driv med slikt går med til pugging av gloser, lesing av spanske tekstar, setningsformulering, pugging av spanske grammatikalske termar, samt å prøva å praktisera spansken så mykje ein kan. Eg er nøgd med opplegget her, men det er ganske intensivt. Om berre to månadar er det eksamenar…. huff… Eg er ikkje heilt der enno at eg kan driva utstrakt setningsanalyse på spansk med korrekte termar, men det kjem vel etter kvart.

I dag stikk mange av oss til «gamle» León, den opprinnelege byen León som vart delvis øydelagt av jordskjelv og vulkanutbrot og difor flytta dit dagens León ligg. Me skal også oppi ein vulkan og bada i ein innsjø. Meir om det ein annan gong.

Reklame

Ay Nicaragua, Nicaraguita

Standard

««Twas a wee bit colder in London», sa eg til ein londonar då eg me landa i Miami. Kvifor i alle dagar eg valde ein skotsk dialekt å uttrykkja meg i høve temperaturar har eg ikkje noko godt svar på, men det kom i alle fall turrt tilbake «-not as bloody cold as Scotland»…

Og temperatur er vel noko av det eg vil trekkja fram frå dei fyrste dagane her i Nicaragua. Det er varmt. Svært varmt. Ikkje plagsom varmt, men ein lyt vera varsam i sola… som mine kinnbein og min nase kjenner litt på.  Men fyrst litt om reisa.

Av alle ting køyrde eg bil til Oslo, ein bil som eg skulle selja for ei venninne, og slik få meg ein gratis tur austover. Måndag morgon møtte eg opp på biltilsynet på Økern, og etter ymse skriva att og fram, var bilen i islandske hender og seljaren nøgd. Resten av tida i Oslo brukte eg på å besøka friends and family.

Tysdag 31.januar ankom eg Gardermoen småhutrande i ullhuva og hettergenser (tok med lite vinterklede til Nicaragua). Eg dro direkte derifrå til London, der eg sov ei kort natt på det høge, blåe hotellet St.Giles. Neste morgon gjekk så turen vidare med stort British Airways-fly til Miami, og så vidare til Managua i Nicaragua. Om flyturane er det ikkje så mykje å seia anna enn denne noko merkelege kommentaren eg kom med til han londonaren då me landa i Miami.

I Managua hadde eg tinga drosjebil til byen León. Gleda var stor då eg såg ein rørsleg kar stå i utgongen med eit Kulturstudier-skilt høgt heva, og eg kunne hiva meg i drosjebilen og ta til siste etappe av turen. Føraren hadde likegodt tatt med kona, då han var vane med at slike han henta for Kulturstudier ikkje prata så mykje spansk… Han likar tydelegvis å prata når han køyrer bil.

Etter halvannan times køyring kom me så til León, og det er der eg er no. Eg har fått meg rom på hostellet The Monkey Republic, som er eit av tri hostell der det bur utelukkande kulturstudiestudentar. Hostellet består av to store opne plassar med rom kringom. Der er også eit kjøkken, ein bar, og mange bord og stolar som ein kan studera eller noko ved, og sjølvsagt er det nokre hengekøyer å liggja i. Me er 30 studentar som bur på dette huset, og det virkar til å vera ein framifrå gjeng.

Døgnrytmen er heilt annleis her enn i Buenos Aires. Me står opp klokka 6, et frukost halv sju til sju, og byrjar skuledagen halv 8. Dei fleste dagar tek ein då bussen ned til stranda, der den vanlegaste studieplassen vår er. Kl 10 på kvelden skrur ein av alt lys på huset, for då skal me helst sova. Og det gjer me faktisk, trøtte av sol og studier heile dagen.

Ein av dei fyrste dagane tok studieleiaren, Rigo, oss med opp til eit fort som ligg nær byen. Her var det den siste diktatoren hadde sitt siste fotfeste før revolusjonære styrkar endeleg tok fridommen tilbake til folket på byrjinga av 80-talet. Til ei side såg ein Stillehavet, i tri andre himmelretningar såg ein store vulkanar. Når ein då står på spennande, historisk grunn, og med sol som går ned i havet i vest, har eg det ikkje så gale…

Studieplassen på stranda er eit kapittel for seg sjølv. Det er eit stort, ope hus som ligg ved stranda. I hagen som vender vekk frå stranda er det palmar, grasplenar og små plattingar med palmegreinetak der me har gruppeundervisning. I hagen mot stranda er det grasplen, hengekøyer, ein diger overbygd platting, og port ned til stranda. Frå porten er det 50 meter til kanten av Stillehavet… Slik går dagane til lyden av bølgjer, palmesus, og spanske setningar. I huset får me også servert god lunsj kl 12.

Byen León er ein flott, gammal kolonialby (takk  Ida   for det gode ordet kolonialby) med mykje historie. Sentrum av byen består av gater som går nord/sør og aust/vest, med murhus i kun ein etasje. Og ein haug med katedralar og kyrkjer. Nydeleg. Det er eit yrande salsliv på kvar eit fortau, og mange gode plassar å eta. Ein og annan turist er det også, men det får heller vera slik. Eg har fått eit svært godt inntrykk av byen så langt. Trafikken er kaotisk, støynivået er høgt, folk ropar og ståkar… men det gjer det heile berre meir interessant. Eg trur eg skal lika meg her.

Eskil