««Twas a wee bit colder in London», sa eg til ein londonar då eg me landa i Miami. Kvifor i alle dagar eg valde ein skotsk dialekt å uttrykkja meg i høve temperaturar har eg ikkje noko godt svar på, men det kom i alle fall turrt tilbake «-not as bloody cold as Scotland»…
Og temperatur er vel noko av det eg vil trekkja fram frå dei fyrste dagane her i Nicaragua. Det er varmt. Svært varmt. Ikkje plagsom varmt, men ein lyt vera varsam i sola… som mine kinnbein og min nase kjenner litt på. Men fyrst litt om reisa.
Av alle ting køyrde eg bil til Oslo, ein bil som eg skulle selja for ei venninne, og slik få meg ein gratis tur austover. Måndag morgon møtte eg opp på biltilsynet på Økern, og etter ymse skriva att og fram, var bilen i islandske hender og seljaren nøgd. Resten av tida i Oslo brukte eg på å besøka friends and family.
Tysdag 31.januar ankom eg Gardermoen småhutrande i ullhuva og hettergenser (tok med lite vinterklede til Nicaragua). Eg dro direkte derifrå til London, der eg sov ei kort natt på det høge, blåe hotellet St.Giles. Neste morgon gjekk så turen vidare med stort British Airways-fly til Miami, og så vidare til Managua i Nicaragua. Om flyturane er det ikkje så mykje å seia anna enn denne noko merkelege kommentaren eg kom med til han londonaren då me landa i Miami.
I Managua hadde eg tinga drosjebil til byen León. Gleda var stor då eg såg ein rørsleg kar stå i utgongen med eit Kulturstudier-skilt høgt heva, og eg kunne hiva meg i drosjebilen og ta til siste etappe av turen. Føraren hadde likegodt tatt med kona, då han var vane med at slike han henta for Kulturstudier ikkje prata så mykje spansk… Han likar tydelegvis å prata når han køyrer bil.
Etter halvannan times køyring kom me så til León, og det er der eg er no. Eg har fått meg rom på hostellet The Monkey Republic, som er eit av tri hostell der det bur utelukkande kulturstudiestudentar. Hostellet består av to store opne plassar med rom kringom. Der er også eit kjøkken, ein bar, og mange bord og stolar som ein kan studera eller noko ved, og sjølvsagt er det nokre hengekøyer å liggja i. Me er 30 studentar som bur på dette huset, og det virkar til å vera ein framifrå gjeng.
Døgnrytmen er heilt annleis her enn i Buenos Aires. Me står opp klokka 6, et frukost halv sju til sju, og byrjar skuledagen halv 8. Dei fleste dagar tek ein då bussen ned til stranda, der den vanlegaste studieplassen vår er. Kl 10 på kvelden skrur ein av alt lys på huset, for då skal me helst sova. Og det gjer me faktisk, trøtte av sol og studier heile dagen.
Ein av dei fyrste dagane tok studieleiaren, Rigo, oss med opp til eit fort som ligg nær byen. Her var det den siste diktatoren hadde sitt siste fotfeste før revolusjonære styrkar endeleg tok fridommen tilbake til folket på byrjinga av 80-talet. Til ei side såg ein Stillehavet, i tri andre himmelretningar såg ein store vulkanar. Når ein då står på spennande, historisk grunn, og med sol som går ned i havet i vest, har eg det ikkje så gale…
Studieplassen på stranda er eit kapittel for seg sjølv. Det er eit stort, ope hus som ligg ved stranda. I hagen som vender vekk frå stranda er det palmar, grasplenar og små plattingar med palmegreinetak der me har gruppeundervisning. I hagen mot stranda er det grasplen, hengekøyer, ein diger overbygd platting, og port ned til stranda. Frå porten er det 50 meter til kanten av Stillehavet… Slik går dagane til lyden av bølgjer, palmesus, og spanske setningar. I huset får me også servert god lunsj kl 12.
Byen León er ein flott, gammal kolonialby (takk Ida for det gode ordet kolonialby) med mykje historie. Sentrum av byen består av gater som går nord/sør og aust/vest, med murhus i kun ein etasje. Og ein haug med katedralar og kyrkjer. Nydeleg. Det er eit yrande salsliv på kvar eit fortau, og mange gode plassar å eta. Ein og annan turist er det også, men det får heller vera slik. Eg har fått eit svært godt inntrykk av byen så langt. Trafikken er kaotisk, støynivået er høgt, folk ropar og ståkar… men det gjer det heile berre meir interessant. Eg trur eg skal lika meg her.
Åh! Dette vart litt for sterkt for ein kald Stavangerbebuar… Nå byrja eg brått å lengte til varmen istadenfor skiturar som eg helst har tenkt på i det siste. Nyt livet, Eskil!
Hilde B
Kolonialby ❤
Herlig, Eskil. Flott at du har begynt å blogge igjen – det er fleire som har spurt meg om du vil halda fram med det fordi dei likte det du skreiv i haust. Muy bien! M.