Det går mot slutten…

Standard

Det har ikkje blitt mykje blogging på meg denne våren. Tida har liksom gått så fort, og det er så mykje kjekt å gjera og kjekt å læra. Så då blir det slik.

Sidan sist har eg vore litt på reis, men for det meste har tida gått med til å studera, bada, sola meg litt, prøva å prata så mykje spansk som mogleg, og igrunn berre leva livet.

Litt lenger sør i Nicaragua ligg ein by som heitter Granada. Dit for eg med tri svenskar for nokre veker sidan. Byen er på verdsarvlista grunna dei flotte bygningane sine og i det heile ein svært godt bevart bystruktur frå kolonialtida (takk, Ida ). Byen er litt som León, men berre reinare og med fleire turistar. Eg må seia at eg likar León betre. Dette kjennest ut som ein levande by, Granada kjendest meir ut som ein museumsby. Men fint var det! Eine dagen reiste me til ei lagune, som i Nicaragua er ein innsjø som ligg i krateret til ein vulkan. Her kunne me slappa av i toleg kjøleg temperatur, og bada i ferskvatn som ikkje var meir enn 25 grader!

Og varmen har verkeleg slått til i León. Det var jo varmt då eg kom, men no er det verkeleg lunt og godt. Det er ikkje sjeldan at temperaturen kryp over 40 pluss, og han ligg som regel rett under. Kombinert med vind gjev det ein høytórk utan like. Ein kan ikkje gjera ein skit (bokstaveleg talt) utan at ein sveittar som såg ein styggjen sjølv i kvitauga. Vaskeriet blir hyppig brukt. Likevel klagar eg ikkje. Eg kjem tidsnok heim til anna klima.

I påskeferien tok eg turen til Little Corn Island, ein times flytur ut i det karibiske hav. Her reiste me for å slappa av, eta god mat, og for å dykka. Og for ein ferie det vart!! Little Corn er ikkje stor. Kanskje ein times spasertur frå ein enden til den andre, og berre 20 min på tvers. Det finst ikkje eit einaste motorisert køyretøy på øya, og alle syklar eller går på stiar eller meterbreie sementvegar. Øya er omkransa av korallar, så snorkling og dykking er det mange vel å gjera når dei kjem til øya. Øybuarane sjølve driv mykje med fisking av fisk og hummar. Dette er nærpå eit paradis for den som berre vil ha det roleg og avslappa. Dykkinga var framifrå, sjølv om eg merka at det var 9 (!) år sidan sist eg hadde teke på meg surstofftanken, men etter kvart kom eg inn i det att. Den beste dykketuren var til eit skjær (Blowing Rock) ein times båttur søraust for øya. Her såg me mellom anna Reef Sharks, Sting-rays, Nurse Sharks, Eagle-rays, og fiskar i alle fargar og fasongar. Liggjande på rygg på 20 meter medan ein kikkar opp på eit hav av ulike fisk gjer ein litt ekstra glad i skaparverket. Såg forresten dei største Barracudaane eg nokon gong har sett.

Elles må eg nemna at me vel åt hummar 3 av 6 kveldar på øya. For snaut hundre kroner fekk ein to grilla hummar med kvitlaukssmørsaus og anna tilbehør + drikke. Heilt ok!

Resten av påska var eg i León der det var fullt opplegg med prosesjonar og feiringar. Noko av det flottaste var nokre gatemåleri som dei lagar av sagspon i ulike fargar med tema frå påskehøgtida.

 

 

 

 

 

No er det kun 18 dagar til eg forlet Nicaragua. Innan det skal eg ha eksamen i didaktikk og skriftleg og munnleg eksamen i spansk. Lesing og jobbing er altså det som sit i høgsetet framover. Blir godt å vera ferdig med studiet, men trist å forlata Nicaragua…

 

Vulkanar, strender, bading…. og studering

Standard

Når berre eins eigne føter stikkande opp av hengjekøya er det som blokkerar utsikta til Stillehavet, har ein det ikkje så gale.

No har eg vore i Nicaragua i tri veker. Tida går fort! Det er mykje å oppleva, mykje å sjå, og mykje å lesa på. Ein må liksom freista å få til ein dagsplan som ikkje let noko av dette lida, og det kan til tider gjera døgeret hektisk. Klokka halv ti på kvelden seier kroppen som regel frå om at det er på tide å leggja seg, og vaknar faktisk stort sett av seg sjølv før seks på morgonen. Igrunn ein ganske så god døgnrytme.

Helga for to veker sidan var heile studentflokken på ein vulkan som heitter Cerro Negro, noko som omlag tyder «den svarte nuten». Dette er  verdas nest yngste vulkan, og vart forma for 150 år sidan. Han er ikkje høg, han er ikkje stor, men han er kólsvart. Og ein kan springja ned framsida  i ein slags silkesand/grus-blanding. Og det var nettopp det me gjorde. Me vart køyrde i buss ein halvtime utanfor León, traska ein halvtimes tid til toppen, tok dei obligatoriske utsikts- og hoppebileta, og sprang så ned vulkansida. Framifrå oppleving! Me såg ut som feiarar heile gjengen. Det har faktisk oppstått ein heil liten turistindustri på denne vulkanen: «Volcano-boarding». Turoperatørar tek med seg folk opp, utstyrer dei med ein slags blanding av eit akebrett og eit strykebrett, og sender dei så utføre vulkansida. Farten aukar og aukar og tilslutt endar dei opp ved vulkanfoten i ein hurrande fart. Kanskje noko eg må prøva!

Sist helg var ein gjeng av oss på stranda i Las Peñitas, som også er det plassen studiesenteret ligg. Her leigde me sengjer på Rigo’s Guesthouse, som vert drive av familien til vår kurskoordinator Rigo. Fin plass med kanskje den beste utsikta ein kan ha… den eg nemde øvst. Å liggja i ei hengjekøye og sjå på sola gå ned i Stillehavet, medan ein nippar kald drikke og høyrer på bølgjene, gjev ro i sjel og kropp. Fredagskvelden hadde eg også mitt fyrste nattbad i Nicaragua, og vart for fyrste gong i selskap av lysande morild. Ei oppleving eg seint vil gløyma! Kringom meg blenkte det i lysande små, kvite prikkar, og om eg tok handa under vatn og slo att og fram, sto det som loger kringom fingrane.

Laurdagen var eg på mitt fyrste surfekurs. Jadå, eg har vore på surfekurs. Og har vel innsett at eg nok høyrer meir heime på ski i skavlane i heio enn på brett i bølgjene her. Men moro var det. Me hadde alle kvar sin instruktør som viste oss korleis det skulle gjerast. Fyrst turrtrente me litt på stranda i kunsten å komma seg frå mageliggjande stilling til ståande på brettet, så bar det rett ut i bølgjenen for å freista lukka. Instruktøren dro oss ut, snudde oss, og skudde oss inn med lagelege bølgjer. Så var det å følgja med bølgja inn medan ein freista reisa seg på høveleg vis. Det gjekk ikkje så bra for min del. Eg kom ofte i ståande posisjon, men stort sett hadde eg då mista bølgja og eg var nøydd til å padla ut att.  Ja, ja… ein kan ikkje var god til alt :).

Søndagen reiste me ein gjeng på safari i ein mangroveskog som ligg like i nærleiken. Området er verna som naturreservat. Mangroveskogar er svært artsrike skogar som er tilpassa å både stå i fersk- og saltvatn, og ein finn dei typisk langs elvar som munnar ut i havet i tropiske regionar. Ein lokal guide tok oss innover elva så langt han kom med båt, så padla me vidare med kajakkar. Det var utruleg mykje flott å sjå. Krokodillar, iguanar, vaskebjørnar, fiskar (som hoppa opp i kajakkane), fuglar i alle fargar og fasongar. Innst i reservatet kom me til ein slags innsjø der det krydde av store, flotte, kvite, hegreliknande fuglar. Nokre var rosa også! Guiden me hadde med oss hadde ikkje der på eitt år, så eg kjende litt på oppdagarkjensla. Er rimeleg sikker på at det var folk der både før oss og etter oss same dagen, men det fine kjensla av å vera på oppdagingsekspedisjon var uansett ektefølt :). I staden for å ta båt ned elva igjen, bestemte me oss for å padla heilt tilbake. Det er ei avgjerd eg ikkje angrar på, sjølv om det kjendest godt i okslar og armar etter ei mil. Ved å bruka kajakk kjem ein endå nærare innpå dyrelivet, og alt er så stille og roleg kringom ein. Og å nå landsbyen med sola hengjande over både elv og hav er heller ikkje å forakta. Igrunn er det eit fint liv eg lever…

No høyrest kanskje livet her ut som berre leik og moro og fjas og tull, men det er det langt frå! Kvar dag er det leksjonar i didaktikk, spansk grammatikk eller latinamerikastudier, og  i tillegg er det gruppeundervisning også kvar dag. Tida ein ikkje driv med slikt går med til pugging av gloser, lesing av spanske tekstar, setningsformulering, pugging av spanske grammatikalske termar, samt å prøva å praktisera spansken så mykje ein kan. Eg er nøgd med opplegget her, men det er ganske intensivt. Om berre to månadar er det eksamenar…. huff… Eg er ikkje heilt der enno at eg kan driva utstrakt setningsanalyse på spansk med korrekte termar, men det kjem vel etter kvart.

I dag stikk mange av oss til «gamle» León, den opprinnelege byen León som vart delvis øydelagt av jordskjelv og vulkanutbrot og difor flytta dit dagens León ligg. Me skal også oppi ein vulkan og bada i ein innsjø. Meir om det ein annan gong.

Ay Nicaragua, Nicaraguita

Standard

««Twas a wee bit colder in London», sa eg til ein londonar då eg me landa i Miami. Kvifor i alle dagar eg valde ein skotsk dialekt å uttrykkja meg i høve temperaturar har eg ikkje noko godt svar på, men det kom i alle fall turrt tilbake «-not as bloody cold as Scotland»…

Og temperatur er vel noko av det eg vil trekkja fram frå dei fyrste dagane her i Nicaragua. Det er varmt. Svært varmt. Ikkje plagsom varmt, men ein lyt vera varsam i sola… som mine kinnbein og min nase kjenner litt på.  Men fyrst litt om reisa.

Av alle ting køyrde eg bil til Oslo, ein bil som eg skulle selja for ei venninne, og slik få meg ein gratis tur austover. Måndag morgon møtte eg opp på biltilsynet på Økern, og etter ymse skriva att og fram, var bilen i islandske hender og seljaren nøgd. Resten av tida i Oslo brukte eg på å besøka friends and family.

Tysdag 31.januar ankom eg Gardermoen småhutrande i ullhuva og hettergenser (tok med lite vinterklede til Nicaragua). Eg dro direkte derifrå til London, der eg sov ei kort natt på det høge, blåe hotellet St.Giles. Neste morgon gjekk så turen vidare med stort British Airways-fly til Miami, og så vidare til Managua i Nicaragua. Om flyturane er det ikkje så mykje å seia anna enn denne noko merkelege kommentaren eg kom med til han londonaren då me landa i Miami.

I Managua hadde eg tinga drosjebil til byen León. Gleda var stor då eg såg ein rørsleg kar stå i utgongen med eit Kulturstudier-skilt høgt heva, og eg kunne hiva meg i drosjebilen og ta til siste etappe av turen. Føraren hadde likegodt tatt med kona, då han var vane med at slike han henta for Kulturstudier ikkje prata så mykje spansk… Han likar tydelegvis å prata når han køyrer bil.

Etter halvannan times køyring kom me så til León, og det er der eg er no. Eg har fått meg rom på hostellet The Monkey Republic, som er eit av tri hostell der det bur utelukkande kulturstudiestudentar. Hostellet består av to store opne plassar med rom kringom. Der er også eit kjøkken, ein bar, og mange bord og stolar som ein kan studera eller noko ved, og sjølvsagt er det nokre hengekøyer å liggja i. Me er 30 studentar som bur på dette huset, og det virkar til å vera ein framifrå gjeng.

Døgnrytmen er heilt annleis her enn i Buenos Aires. Me står opp klokka 6, et frukost halv sju til sju, og byrjar skuledagen halv 8. Dei fleste dagar tek ein då bussen ned til stranda, der den vanlegaste studieplassen vår er. Kl 10 på kvelden skrur ein av alt lys på huset, for då skal me helst sova. Og det gjer me faktisk, trøtte av sol og studier heile dagen.

Ein av dei fyrste dagane tok studieleiaren, Rigo, oss med opp til eit fort som ligg nær byen. Her var det den siste diktatoren hadde sitt siste fotfeste før revolusjonære styrkar endeleg tok fridommen tilbake til folket på byrjinga av 80-talet. Til ei side såg ein Stillehavet, i tri andre himmelretningar såg ein store vulkanar. Når ein då står på spennande, historisk grunn, og med sol som går ned i havet i vest, har eg det ikkje så gale…

Studieplassen på stranda er eit kapittel for seg sjølv. Det er eit stort, ope hus som ligg ved stranda. I hagen som vender vekk frå stranda er det palmar, grasplenar og små plattingar med palmegreinetak der me har gruppeundervisning. I hagen mot stranda er det grasplen, hengekøyer, ein diger overbygd platting, og port ned til stranda. Frå porten er det 50 meter til kanten av Stillehavet… Slik går dagane til lyden av bølgjer, palmesus, og spanske setningar. I huset får me også servert god lunsj kl 12.

Byen León er ein flott, gammal kolonialby (takk  Ida   for det gode ordet kolonialby) med mykje historie. Sentrum av byen består av gater som går nord/sør og aust/vest, med murhus i kun ein etasje. Og ein haug med katedralar og kyrkjer. Nydeleg. Det er eit yrande salsliv på kvar eit fortau, og mange gode plassar å eta. Ein og annan turist er det også, men det får heller vera slik. Eg har fått eit svært godt inntrykk av byen så langt. Trafikken er kaotisk, støynivået er høgt, folk ropar og ståkar… men det gjer det heile berre meir interessant. Eg trur eg skal lika meg her.

Eskil

Bolivia

Standard

Fredag. Bolivia. Kl halv fire. Arne Hilde og eg. Ein liten landsby utanfor Sorata. Med kvarsine tri kransar kringom halsen. Gjort utav kål, poteter, gulrøter, neper, mais, hovudkål….

Med Argentina i ryggen vende eg meg altså mot Bolivia. Ferda gjekk frå Buenos Aires, via Lima (Peru), til høgsletta og byen El Alto. Her ligg flyplassen som serverar turistar og andre fykande til La Paz, ein av hovudstadane i Bolivia. Høgsletta El Alto, ja… Her gispar ein etter luft i 4080 meter over havet. Eg landa midt på natta, og med eit respirasjonssystem som er vane med Buenos Aires ved breidda av sør-atlanteren, var det ein viss overgong. Det kjendest igrunn ut som om ein hadde sove altfor lite eller altfor mykje. Og eg stod liksom og svaia litt svimlande.

Den fyrste veka i Bolivia skulle eg bu hjå Linda og Ronny og familien, og dei er vane med å ta imot låglandsbuar. Ronny henta meg på flyplassen, bar alt eg hadde med meg til bilen, og serverte meg kola på veg ned til bydelen dei bur i. Det bar rett i seng, og der stod det oksygenapparat klar om eg skulle få surstoffmangel. På førehand hadde eg lurt på korleis det ville vera å oppleva høgda på denne måten, men etter eit par dagar med litt hovudverk, gisping og generell dårleg kondis, vart eg vane med det. No tenkjer eg ikkje noko på det lenger, og slik er det vel for dei fleste som kjem seg i høgden.

Det hadde laga seg slik at min gamle lærar (altså han er ikkje så gamal, altså…) Arne Hilde også var på vidvandring på dei sørlege breidder. Dei siste to vekene har me saman med våre lokale kjenningar vore med på både det eine og det andre. Det byrja med den fyrstnemnde opplevinga i ein landsby utanfor Sorata. Sorata er ein liten by som ligg kring 4 timars køyring frå La Paz. Misjonsalliansen har hatt ei rekkje prosjekt i denne delen av Bolivia, og no skulle ein skule opnast med pomp og prakt. Med oss på dette hadde me ulike øvrigheiter, slik som dei lokale leiararne av både Misjonsalliansen i Ecuador og Bolivia, samt representantar frå Misjonsalliansen sentralt. Det var ein god gjeng som krangla seg fram på halvkveda vegar frå Sorata og ut til landsbyen med den aktuelle skulen. Ein x-trail er ikkje så høg under som eg trudde. Då me ankom skulen, stod allereie elevane oppstilte og klare til å ta imot oss. I stram givakt. Bortsett frå dei smågutane som ikkje heilt klarte å stå stille i givakt i timesvis for å venta på slike som oss… Etter å ha handhelsa på så å seia heile landsbyen, vart me plasserte på ei slags scene framføre alle andre, og så byrja programmet. Det var presentasjon av dei som hadde bygd og planlagt skulen, det var ein høveleg andakt, det var dans og oppvisning frå elevane, det var song av elevane  (som vart leia av ein av lærarane – ein som verkeleg hadde militær tilnærming til å halda takten), det var presentasjon av rapportar, det var helsingar frå kommunen. Slik sat me, og alle som hadde kome for å sjå på, i solsteiken i time etter time. Eit ufrivillig høgdepunkt var då den eine benken me ærede inviterte sat på gav etter for presset, og to representantar for kommune og lokalsamfunn fekk seg nokre stygge skadar på legg og oklar. Så var det klar for offisiell opning av klasserom, toalett, og lærarbustadar. Det føregjekk ved at ein klypte fine snorer som var teipa framføre dørene, og ved at den som klypte snora også slo sund ei champagneflaske på dørstokken. Når så dette var gjort, var det tid for mat. Som representantar for Noreg, Misjonsalliansen, og verda utanfor, var det me som skulle serverast fyrst. Og i Bolivia er det svært viktig å eta opp den maten ein vert servert. Fyrst fekk me servert ein svær suppetallerken. Så var det ein digert fat med ris, salat, milanesa de pollo (ein slags tynn kyllingschnitzel). Mellom dette var det også sett igong ein boliviansk versjon av koldbord, der alle tek med seg ein liten rett og plasserar det på tepper eller dukar på bakken og alle så går og forsynar seg. I det neste hovudrett, ein dugaleg porsjon kyllinggryte, var på veg, var det heldigvis blitt så seint at me var i ferd med å gjera oss klare til å dra. Slik redda me æra kring oppeting av servert mat, og me redda magesekken for alvorleg strekk. I all hast vart siste del av programmet gjennomført, og det var altså då me stod der. Arne og eg. Medan kransar i beste hausttakkefesttradisjon vart lagt kringom halsane våre. Eg kan vel ikkje seia at eg heilt kjende det som om eg hadde fortent all denne merksemda, men staseleg var det no!

 

Ein dag noko seinare heiv Arne og eg oss rundt og bestilte firhjulingstur. Det er visst nokon ein må gjera når ein er turist i La Paz, og korkje Arne eller eg hadde noko imot å fresa litt rundt på slike doningar. Og eg tenkte jo som så at sidan eg hadde med meg min gamle lærar i traktor, burde det vera trygt. Turen varte i kring 3 timar, og me fekk sjå både det eine og det andre. Me var 5 stykk som køyrde saman. Det var altså Arne og eg, forutan Lotte (ein voluntør for misjonsalliansen) og to danske jenter. Guiden vår tok oss med oppover og nedover fjellsider, gjennom smale pass, over vide vidder, gjennom nye bydelar som knapt hadde fått straum eller vatn. Fantastisk! Så moro var det at eg no har planlagt å hiva meg på ein 6-timars tur neste veke.

Sist helg vart eg med Linda og Ronny og familien til Copacabana, ein gammal og fin by ved Titikaka-sjøen. Her budde me på luksushotell, til prisen av eit norsk billighotell. Den største opplevinga denne helga var då eg på laurdagen tok båten ut til Soløya, ei øy svært viktig for både gamle bolivianske kulturar, og for Inca-kulturen som oppstod for kring 700 år sidan. På nordsida av øya, der me vart sette av, vart me førte rundt av ein obligatorisk guide som fortalde og viste oss ulike restar etter dei tidlegare kulturane. Mellom anna såg me eit seremonibord som stod like støtt som før, ein merkeleg, murt labyrint med ei helsebringande oppkomme i sentrum, og ulike viktige dyrefigurar i fjell. Sidan gjekk dei sprekaste av oss tvers over øya til sør, på ein veg som var konstruert og brukt både før og under inca-riket oppstod. Slik gjekk eg og gispa i 4000 moh og kunne like godt ha vore 700 år tilbake i tid, så fin var vegen.

Elles om helgeturen må nemnast at eg kjøpte meg charango (ein slags boliviansk ukulele), og at eg åt ispis (heilstekte, pikkande små fiskar). Det må også nemnast at for å komma seg til Copacabana frå La Paz må ein over eit sund av Titikaka-sjøen. Transporten over blir utført av dei mest sjarmerande ferjer eg nokon gong har teke. Det er nokre breie, flate trepråmar med ein enkel påhengsmotor plassert i eine enden. På kvar er plass til ca 3 minibussar eller personbilar, eller 1 stor turistbuss med ein halvnervøs personbil bakom.

 

På måndag hadde Arne, eg, og tri studiekameratar frå perioden i Buenos Aires, bestilt oss tur ned Dødsvegen på sykkel. Dødsvegen er ein gammal hovudveg som er så farleg at han no heldigvis har fått ein storebror med asfalt på andre sida av gjelet han følgjer frå 4700moh til 1200moh. Denne gamle vegen er no eit populært sykkeleventyr for turistar, og det var dette me skulle prøva oss på. Alt starta på 4700moh der me fekk utdelt heildempa syklar, hjelmar, vernebriller, hanskar. Så gjekk turen ca 4 mil på asfalt ned til ca 3300moh. Vidare går det på grus og jord og fjell ned den gamle vegen, ca 3 mil ned til botnen ca 1200moh. Denne strekningen var så farleg at det kvart år omkom ca 3-400 menneske. Den verste episoden var ein gong på 90-talet då ein overlasta buss med gjekk utover ein kant og 102 menneske omkom. Det tok visst fleire månadar før alle omkomne var henta opp frå gjelet under… Om sjølve sykkelturen er det ikkje så mykje å seia. Det var ei fantastisk, hjarte-i-halsen oppleving som eg gjerne gjer igjen. Og det var ikkje så gale å avslutta turen med eit langt bad i ei elv, pastabuffét, besøk i apepark og så å køyra opp dødsvegen att i minibussen me hadde med oss. Det var igrunn då me sat i bilen på veg opp at me skjøna kor galen ein veg me hadde sykla ned. Utruleg!

Sånn. Det var litt av opplevingane i Bolivia så langt….

 

Exit Buenos Aires

Standard

Så var opphaldet i Buenos Aires, Argentina, over. Det var det.

 

Den siste tida i Buenos Aires gjekk styggfort. Plutseleg var det kun veker igjen til eg skulle forlata biffens Mekka. Og plutseleg stod Herr og Fru Eksamen og banka på døra. Me hadde jo visst det ei stund, men eksamen på studenten er som julekvelden på kjerringa. Den skriftlege eksamen vart halde fredag 11.november. Munnleg vart halde i veka etter. Dei siste vekene gjekk slik med på å læra seg skilnaden på preterito indefinido og preterito imperfecto, skilnaden på ser/estar (som eg trur eg kjem til å blingsa med til min døyands dag…), kva to (2) setningar i bøyningsteksten om presens ein skulle putta inn subjuntivo, osv… Fredagen kom og gjekk og ferdig med det. Eller eg vil nemna at eg gjorde ein brølar av dei sjeldne då eg i rein bøyningsiver gjekk fem-på og bøygde 1.pers, eintal, av verbet «gustar» som «yo gusto»… Vel, vel…

Den munnlege eksamen var det verre med. Eg hadde som vanleg bygd meg opp ein nervøsitet som tilsa at eg skulle møta paven til bønedrøfting eller invitera Herr Hellstrøm til søndagsmiddag… Me hadde fått i oppdrag å velja eit tema me ville snakka om, og så kunne me bli spurd om andre ting etterpå. Kun 15 minutt i alt. Eg valde meg temaet «Argentinarar som har påverka meg gjennom livet». Kanskje litt pompøst, men det funka som knott i ost (ikkje at eg heilt ser kor bra knott i ost eigentleg fungerar). Så etter å ha prata om Maradona, Goycochea, Che Guevara og Mercedes Sosa, og prata litt om livet i Buenos Aires generelt, var eg ferdig med munnleg også. Og som vanleg var det ikkje meir skummelt enn å velja stripete sokkar til einsfarga stuttbukse. Og det er ikkje farleg, kan du veta!

Som avslutning hadde me ein kveld på ein bar. Då samlast alle studentar, lærarar, assistentar, sensorar og kursansvarlege til ein siste fest. Moro vart det, og sein vart det. Det var musikk og dans og latter og tårer. Guro og Linnea framførte ei rekkje av låtane sine, med «Red Moon in Buenos Aires» som eit klart høgdepunkt. Når høyrer me dei på radio?

Dei siste dagane i Buenos Aires gjekk med til å seia hadet til alle kjekke folk ein har møtt og blitt kjend med, til å selja sykkelen min, til å eta min siste biff i argentina (noko eg gjorde opptil fleire gonger…), og til å gleda seg til fortsetjinga. For mange innebar dette å komma seg heim til fagre heimland, for andre å hiva ryggsekken på ryggen og ta andre delar av Argentina eller Sør-Amerika i augnesyn. Eg heiv meg på flyet til Bolivia for å oppleva høgden, skriva heimeeksamen, og møta venner. Eventyret i Buenos Aires er over. Nye eventyr står for døra.

Takk for alt, kjære medstudentar og argentinarar. Me sjåast igjen!

Las Cataratas de Iguazú – eller eit narraktig svært fossefall, om du vil

Standard

I helga var eg på reisefot for fyrste gong sidan eg landa i Argentina. Etter snart to månadar i storbyen Buenos Aires skulle det vera godt å komma seg ut litt, kjenna friskare vind fylla lungene, sjå meir grønt enn grått, høyra andre lydar enn frå folk og trafikk. Så me valde oss likegodt dei enorme fossefalla ved Iguazú, på grensa mellom Argentina og Brasil. Me, det var Terje, Tom, Tina og eg.

Det er fullt mogleg å ta fly til Iguazú, og det er det nok mange som gjer. Byen som me skulle bu i låg på den argentinske sida av fossefalla, ca 150 mil frå Buenos Aires rekna slik bilane fyk. Me valde istaden å ta buss, då desse skulle vera riktig så komfortable. Klokka sju på torsdagskvelden troppa me difor opp på Retiro Rutebilstasjon med førehandstinga billettar i lommane. Selskapet heitte Expreso Singer og tok oss dei 18-19 timane opp til Puerto Iguazú, som er namnet på den byen eg ikkje nemnde med namn litt lenger oppe i teksten.

I øvre etasje på bussen var dei vanlege seta, men me hadde tinga plass i 1.etasje på 1.klasse. Det kom på kring 1000 kroner att og fram, men det var absolutt verdt det. Det var kun plass til 12 personar på 1.klasse, og det har den enkle forklaring at det då er mogleg nesten å liggja i horisonten om ein legg ned seteryggjen og strekkjer ut føtene. Herleg!

Etter 19 timar og ei god natts svevn, var me framme i den no allereie nemnde byen. Det var utruleg godt å kjenna skikkeleg temperatur igjen. Gjennom helga låg temperaturen på drygt 30 grader på dagtid og 25 på nattestid. Heilt etter min smak :). Eg hadde vore såpass framsynt at eg hadde tinga hostell. Dette var eit koseleg, lite hostell som heitte Timbo Posada. Me fekk oss plass på eit timannsrom med aircondition, og i bakhagen var det både ein bar/frukostresturant, eit lite badebasseng, internett, tv og hengjekøyer til å slappa av i.  Etter å ha installert oss i dette lille paradiset, heiv me oss rundt for å vitja den brasilianske sida av fossefalla. Las Cataratas de Iguazú er verdas breiaste fossefall og ligg altså på grensa mellom Brasil og Argentina. Her gjer elva Iguazú eitt stup ned frå platået Parána, eit stup som me altså no skulle vitja. I snitt ligg vassmengda på drygt 1700 kubikkmeter i sekundet, dvs som 6 gonger Suldalslågen på maks spyleflaum, med ei rekordmåling på 12800 kubikkmeter i sekundet. Alt dette vatnet hiv seg utover ein kring 2 km lang kant på platået, og det gjer det til det breiaste vassfallet i verda.

Når eg seier «heiv oss rundt», betyr det at me fann oss ein drosjesjåfør som kunne ta oss over grensa, køyra oss ned til der den brasilianske delen av fossefalla byrjar, venta på oss der, og så køyra oss attende til hostellet etter nokre timar. Denne sjåføren heitte Rudolfo og var ein hyggeleg kar me brukte heile helga. Han var ein kløppar til å få oss snøgt gjennom grensekontrollane og hadde mykje artig å fortelja om både det eine og det andre. På den brasilianske sida av falla er det det best å få god oversikt over falla, då dei fleste av desse fell ned på argentinsk side av elva. Det var nesten ikkje til å tru då me for fyrste gong festa blikket på dette naturens vidunder. Så vidt som våre stereoskopiske, avstandsmålande augo klarte å famna var det kvite fossar som brusa og fossa og leika seg med vind og luft på veg ned til botnen. Det er ikkje til å nekta for at eg nynna litt på «Du vesle bekk» i det eg tusla bortover fine, flotte gongstiar som tok oss nærare og nærare sjølve storfossen. Stiane på brasiliansk side enda opp i ei slags bru som gjekk ut midt i fossefalla der ein kunne stå og bli klissblaut. Fantastisk! I vasspruten frå nokre av fossefalla kunne ein faktisk sjå regnbogar. Kjensla mi var litt som dette…

På laurdagen dro me til den argentinske sida. Her var det mykje meir å finna på, og me enda opp med å bruka heile dagen. Fyrst tok me eit slags smalspora tog opp til der fossefalla byrjar. Frå togstasjonen måtte me gå ca ein kilometer på nokre lekre bruer ut til kanten, og den delen av fossefalla dei kallar Djevlehalsen. Igrunn er det vanskeleg å forklara kor mektig ei oppleving det er å stå på kanten og kikka ned og bort på fall etter fall. De får sjå på denne videoen eg tok… . Sidan flaut me nedover den øvre sida av fossane med ein liten raftingflåte der me såg både sneisne fuglar, skjelpadder, aligatorar og fiskar. Så gjekk me kringom på eit mylder av ulike stiar med utkikksplattformar over ulike delar av falla, før meg avslutta dagen med å ta ein racarbåttur inn i sjølve nedslagsfeltet for nokre av fossane. Terje og eg tok forresten turen saman med ein gjeng på kring 20 galne danske pensjonistar som var på sin årelege backpackartur… Ei oppleving litt utan om det vanlege.

På søndagen skulle me reisa attende til Buenos Aires, men tok oss tid til å fara til Paraguay for å sjå på kamera. Her skulle dei vera så billige. Det var dei også, men eg fann meg ikkje rette sorten. Litt tok me også turen for å få stempla Paraguay i passet, men vår wonderboy av ein drosjesjåfør var så god til å komma seg over grenser at det aldri vart registrert i Paraguay at det hadde vore nordmenn på handletur den dagen. Ja, ja…

Så etter nye 19 timar var me attende i Buenos Aires til ein kvardag med spanskleksjonar, eksamensnerver (jadå, det nærmar seg…), og kaldare klima. Det gjorde godt å komma seg litt ut og vekk…

Berazategui – ei oppleving utanom det vanlege

Standard

Så sat me der. På scenen. Eg og to svenskar. Ei tromme, to gitarar… ustemde. Framføre oss sat og sto kring 200 forventningsfulle argentinarar, pluss ein neve europearar.

På søndag dro så å seia heile kullet som studerar her i Buenos Aires på ei utflukt til ein barrio – bydel – sør i Buenos Aires. Berazategui er namnet, og området er i stor grad befolka av argentinarar frå distriktet Santiago del Estero nord i Argentina. Dette er eit forhaldsvis fattig distrikt, og mange derifrå har søkt til Buenos Aires for å skaffa arbeid. Utvandrarane har stor medkjensle med dei som framleis bur i distriktet og arrangerar jamnleg innsamlingsaksjonar for å betra levekåra til si nordlege slekt. Det var ei slik tilstelning me skulle vera med på.

Klokka halv eitt på samla me oss på togstasjonen Constitución. Dette er ein togstasjon ein helst ikkje skal tusla åleine kringom på kvelds- og nattetid, då ein fort blir eit kamera eller ei lomme pesos fattigare. Dei har forresten flotte togstasjonar her i Buenos Aires. Det var engelskmenn som i si tid konstruerte og åtte jarnbanane, men under president Juan Perón kom dei i offentlege hender.  Nok om det. Me tok i alle fall toget fram til stasjonen nær Berazategui og vart her lasta ombord i lastebilar og pickup-ar som tok oss fram til plassen tilstelninga skulle vera.

Folket frå Santiago del Estero er svært opptatt av sine røter og tradisjonar, og me vart gjennom dagen vitne til ei rekkje flotte danseoppvisningar og musikalske framføringar, og åt oss mette på tradisjonsrik mat. Festen vart halde inne i ein slags hall som delvis var i friluft, delvis under tak. Her hadde ein eit grillkjøkken, bord og stolar, ei scene, og ei stort dansegolv. Kringom gjekk det også feiande flotte jenter og selde lodd til inntekt for prosjekt i Santiago del Estero. Eg kjøpte nokre lodd, for å seia det slik…

Noko av det fyrste me vart inviterte med på var å dansa. Dei freskaste av oss heiv seg verkeleg utpå i dansen, og det må nemnast at Terje frå Vik i Sogn tok kaka. Med sine sensuelle rørsler, sine springhopp, sine djupe blikk, vart han fort ein favoritt blant dei dansegalne damene på 60+. For kvar eit steg gjekk det eit sus gjennom salen, og damene dåna, klappa, og vifta med skjørta.  Heldigvis var det også rom for mindre vågale nordbuarar, så mange av oss fekk kjenna latinske rytmar vri og venda på kroppen.

Då eg fekk meg mat, noko som sjølvsagt inkluderte nydeleg kjøt, kom det ein hyggeleg eldre kar bort til meg. Han såg litt mismodig ned på plastbestikket eg hadde fått utdelt og fann fram eit nydeleg, antikk bestikk. Eg trudde han då ville selja meg det, og var igrunn ikkje så interessert i bestikkhandling på det dåverande tidspunkt, så eg avslo høfleg. Mannen gav seg derimot ikkje, og etter gjentatte avslag klarte eg via nokre hyggeleg bordnaboar å forstå at han kun ville låna meg det så eg skulle sleppa å eta biff med plastikk. Dei er stolte over kjøtet sitt i Argentina, det er sikkert! Og kniven kunne eg brukt til å barbera meg med, han skar kjøt som var det solvarmt smør.

Frå scenen kom det stadig liflege tonar frå ulike gitargrupper, nokre med songarar, nokre utan. Felles var at det gav mange høve til dansing. Eduardo, du veit han argentinaren med langt hår og skjegg, hadde spurd oss om ikkje nokon av oss ville opptre som eit slags «gi-noko-tilbake-til-dei-som-gjev-oss-så-mykje», og det hadde me sagt ja til. På førehand hadde 4 jenter førebudd ein pardans med argentinske frendar, og 7 av oss hadde førebudd musikalske innslag. Til stor jubel gjennomførte jentene flott dansing, og etter ei stund var det tid for musikk. Fyrst var det altså han svensken på gitar, han svensken på trommer, og eg på gitar, som skulle i elden. Me hadde førebudd ein svensk klassikar «Jag hadde en gång en båt», og trass særdeles kraftig ekko på mikrofonane og ustemde gitarar som ein ikkje høyrde medan ein song, kom me oss gjennom det til stor applaus. Finare let det då me, forsterka med fire flotte jenter, song tri folketonar frå Sverige og Noreg. Kjekt å opptre! Og eg trur argentinarane sette pris på det, om det dog kanskje var noko uvanlege rytmar og på underleg mål.

Slik gjekk dagen mot kveld, og me takka etter kvart takk for oss og heiv oss i lastebilar for å finna tilbake til toglina, og så attende til storbyen. Ein stor takk til folket i Berazategui for at dei tok så godt i mot oss og viste oss så mykje spennande.

Daglegliv i Buenos Aires

Standard

Vaskemaskina mi i Buenos Aires er ei lita, koseleg kinesisk dame som held til i sin Lavaderia ei gate ned og to til høgre for der eg bur. Eg leverar skitne klede, ventar nokre timar, kjem attende med 20 pesos (snaut 30 kroner),og går heim med nyvaska, nystrokne klede. Ein slik vane kan verta vond å venda…

No er livet i Buenos Aires meir rett å kalla daglegliv. Eg er kommen inn i tralten. Dagane flyg forbi som frie fuglar, og om ikkje lengje er vekene som var fleire enn vekene som kjem.Vekedagane består stort sett av det same. Eg byrjar 9 eller halv 11 med spanskleksjon eller spansk seminargruppe, så et eg eit føremiddagsmat i kantina i kjellaren på fakultetet, og så gjer eg lekser fram til 3-4 på ettermiddagen. Etter det følgjer litt ymse påfunn, før eg et middag i «Peru» – det før nemnde eine studenthuset nokre av oss bur i. Der har nemleg eigaren, Leandro, sett i gong med matservering kvar kveld for dei som vil ha. Me betalar 150 pesos, dvs kring 200kr, for måltid 5 kveldar i veka. Forrett, hovudrett og dessert. Alltid med meir til den som spør. Heilt grei pris, igrunn…

Tysdagar er det spansk-amerikansk litteratur som står i fokus. Då har me førelesningar med diktarkongen Éze, som guidar oss gjennom historia til argentinsk og anna latinamerikansk litteratur. Éze køyrer eit knallhard løp, for etter 2 timars førelesning har han 4 seminargrupper á 1,5 timar der me diskuterar tekstane me har lese siste veka. Det er artig, spennande, og utfordrande å få kjennskap til heilt ny litteratur. Siste veka har me jobba med dikt av forfattaren Pablo Neruda. Eg likte godt diktet «Dikt XX». Det er å lesa på nynorsk om ein vil, sjekk ut «Dikt i utval. Av Paulo Neruda» omsett av Kjartan Fløgstad.

På onsdag var det noko dei kallar for «den fyrste vårdagen». Det er den 21.september, og universitetet gjev då studentane fri til å henga i parkane og nyta livet. Me var maks heldige med været denne dagen. Varmt og flott, ikkje vind. Nokre argentinarar me er blitt kjende med hadde invitert oss i ein park for å spela fotball og for å praktisera spansk. Det vart fotballspeling, prating, latter og liv, i varme timar utover ettermiddagen. Riktignok blir det mange stotrande spanske setningar, men jammen er det god trening. Og argentinarane er tydelegvis eit folk med tålamot. Mange vart også for fyrste gong introdusert til drikken Máte, nok dei drikk i Argentina og nabolanda ikring. Det er som ein slags «te av høy og ugras», men det er faktisk ikkje så gale når ein blir vane med det.

-Åh, forresten så har eg kjøpt meg gitar! Det var ei fantatisk oppleving. Ei svensk tjej og eg var ute i same ærend, og slo oss saman for å få ein god pris. Me snusa innom ulike gitarforretningar til me fann ein som selde argentinske. Begge var igrunn ute etter ein så billeg modell som mogleg, men hadde ikkje heller lyst til å kjøpa kinesisk. Det måtte jo vera argentinsk, sjølvsagt! Medan me sto og prøvde ulike modellar, kom ein flott, kraftig, eldre herremann inn i butikken. Han hadde sixpence, tweedjakke, firkanta briller, og valde seg ut ein fin gitar berre for å spela litt. Nydelege tonar strøymde ut i lokalet. Han leika seg kjærleg med strengane. Så måtte eg spela litt for han, og enda opp med å spela litt av Lillebjørn Nilsen, som heldigvis gjekk heim hjå han og andre tilhøyrarar. Og sidan eg song også, fekk eg han til å syngja litt. Som trollbunden stod eg der lyttande og smilande medan han trylla fram ei argentinsk vise som sikkert handla om tapt kjærleik. Fantastisk! Den svenske tjejen og eg  gjekk glade ut av butikken med kvarsin argentinske gitar under armen.

Så litt om mat i argentina. Far min hevdar det beste kjøttstykke han nokonsinne har fått servert var på Shepp Ranch langt ute i villmarka i Idaho, USA. Det er det kanskje, men det viser også at han ikkje har vore i Argentina. For her er biffen som fløyel, som sukkerspinn på tunga, saftig som drygt mogne plommer, med smak utav ei anna verd. -Ja, litt som om det var Willi Wonka som hadde produsert biffen. Og ein får så det monar. For ein hundrelapp får ein eit kjøttstykke, nei.. det blir for simpelt…, eit himmelsk kjøttstykke på kring halvkiloen, og i tillegg poteter, salat, og vin. Den beste biffen er den som er grilla, og det er dei fleste. Min favoritt er blitt Bífe de Chorizo, som er ein slags t-bone steak. Den har god feittrand. Og er saftig. Sjå bilete…

Argentinarar er glade i å gå ut, og det gjer dei seint. Ein går ut for å eta middag, for å dansa, for å festa, for å prata, for å drikka kaffi. Middagen, som også her er det viktigaste måltidet, et ein gjerne etter kl 10. Ja, det er ikkje uvanleg at ein ser familiar eta middag kring midnatt midt i vekene. Ute på restaurant. Med ungar. Spansklærerinna mi, Sól, såg undrande på meg då eg fortalde at me vanlegvis åt mellom 4 og 5 i Noreg. -Kan det vera sunt? Og skal ein ut og nyta nattelivets gleder treng ein ikkje nøyta seg… Konsertar byrjar sjeldan før midnatt, barane er opne til sånn 4-5 på morgonen (og stengjer kun fordi det er på dei tider nattklubbane opnar). Og glade dreg ein heim etter at hanen har sagt sitt… I kveld, til dømes, skal eg fyrst på ein historietime om Argentina. Den byrjar i halv sju-tida. Så dreg me til bydelen Palermo for å eta biff. Blir vel i 11-tida, det. Seinare er det konsert med nokre lokale band. Som byrjar i eitt-tida.

Slik går no dagane…

På Boca-kamp

Standard

I Buenos Aires er det fint ver. På La Bombonera regnar det. Spytt.

Å fara på fotballkamp når ein er i Argentina er noko ein berre må gjera. Difor gjorde me det. Og vart ikkje skuffa. Gjennom Eduardo, ein av desse før nemnde argentinarane med skjegg og godvilje, hadde me fått fiksa kampbillettar til ein del av stadion som skulle vera toleg trygg. Me var i alt 13 studentar som tok i veg, og 13 som kom attende. Argentina er ein fotballnasjon, det er det ingen tvil om. Og når laga i toppserien barkar saman blir det eit liv som får troillonga, plankehaugar, store stå, horder og blåkvalar, måker og kråker, til å verka som små sus i siv. Det var trommer og song i 90 minutt, og så song og tromma dei litt til. Men fyrst korleis ein kjem seg på kamp.

Me troppa opp i Peru (som er kallenamnet på huset til gjengen som bur i Peru-gata) og fordelte billettane mellom oss. Så tusla me forventningsfulle i retning av stadion. Ein av oss hadde lese litt på kartet og skulle ha nokonlunde peiling på vegen, me kan kalla han Stig, og han losa oss ut av trygge San Telmo og inn mot litt meir utrygge Boca. Sjølv om han hadde stålkontroll på vegen var det greitt at ei, me kan kalla ho Vilde, hadde med kart. Uansett var det forresten berre 12 av oss på den tida, for ei av oss hadde hatt litt problem med å nå fram til Peru i tide. Me kan kalla ho May. Likefullt såg me snart stadion lysa opp i det fjerne. Og det gjer han verkeleg, stadion til Boca Juniors. Dei kallar han La Bombonera, og er høg og gul og ikkje heilt rund. Me hadde fått øyro og hovud full av ulike åtvaringar frå Eduardo om kor mykje som kunne vera farleg nede i Boca under Boca-kamp, så det var ein noko forsiktig gjeng som prøvde å finna fram til rett inngong. Det fann me ganske raskt, i alle fall i følge tryggingsvaktane som losa oss inn i ei sluse som gjekk mot stadion. Der fekk nokon seg hamburgar og kola, medan andre trippa og venta på å få komma inn. Då me så skulle inn, viste det seg at me var i feil ende av stadion. Me vart sende ut og rundt eit par kvartal til ei ny sluse. Då me viste politiet billettane våre, såg dei raskt på kvarandre og stillte oss inntill eit gatehjørne medan fleire stod vakt kringom oss. Me hadde tydelegvis havna i slusa som bortesupportarane kom inn i, og dei ravande og lett bedugga grøn-svarte supportarane var ikkje rette folket for oss, meinte politiet. Omsider sende dei oss vidare rundt nokre kvartal til, og då fann me rette inngongen. Berre dei flotte blå-gule supportarane til Boca Juniors. For å gjera resten av inntoget kort kan eg fortelja at kom oss inn på stadion utan noko særleg trøbbel, og at me plasserte oss på kortsida saman med ihuga Boca-fans. Og at May, etter å ha tatt taxi til stadion, klarte å smila seg gjennom diverse kontrollpostar slik at ho kunne få billett av oss og slik komma seg inn.

Eduardo hadde nemnd noko om at me burde komma oss under tak slik at ikkje dei som sat i høgda over oss kunne hiva ting ned på oss. Pøh, er vel berre tull, tenkte dei fleste av oss, men tri av jentene fekk seg difor plass heilt øverst på etasjen vår. Det viste seg imidlertid at det var bortesupportarane som sat på øverste høgde over kortsida me sat på, og at dei har for vane å spytta og hiva ymse kroppsleg utskil ned på bocafans. Fotballkultur. Fotballkultur. Argentina.

Kampen enda 1-0 til Boca. Så er me ferdige med det. Boca var best, pressa høgt, hadde dommaren med seg i fyrste halvdel og tildels mot seg i andre, og klarte å få det avgjerande målet. Flott spel. Det er derimot det som skjer på tribunen som er morosamt å skriva om. Dei syng her i Argentina. Syng flott! Det er ikkje noko slags fomlande og halvkveda heiarop, dei syng og trommar songar frå fyrste til siste minutt. Eg trur eg kunne skilja ut 5 songar som kvaddest gjennom kampen, og spesielt på eit par av dei gjekk det kaldt nedover ryggjen. Heile stadion hoppa og dansa og song i takt, medan trommene gjalla og trompetane bles. Og for eit lydnivå! Etter beste evne song me med, og klappa og heia, og prøvde oss på argentinske gloser me snappa opp her og der. Det kuliminerte då Boca fekk målet sitt etter kring 80 minutt. Då heiv folk seg i armane på kvarandre, hylte, dansa, lo. Ein av oss, me kan kalla han Kim, vart heilt reven over ende og fekk ikkje med seg målet eingong.  For ein stemning!!

Det var då spyttklysene byrja å falla. Som kvite,

stilsikre Stuka-fly, stupa dei nedover og landa på både det eine og det andre. Hettegenser er eit sjakktrekk då. Men slikt får ein heller leva med. Det er fotballkultur. Det er annleis. Det er sjarmerande på sitt vis.

Så var kampen over. Me måtte venta i spyttregnet ein halvtimes tid på at vår del av stadion skulle losast ut, og då me skulle gå ned trappene viste det seg at San Martin-supportarane hadde vore såpass fotballinteresserte at dei ikkje hadde vore på do i løpet av kampen – og heller samla alt i koppar og kar og slengt deg kringom seg på veg ned trappene. Og Kina sin gule flod fekk slik ein argentinsk konkurrent. Ikkje så veldig sjarmerande, men likefullt fotballkultur. Fotballkultur. Argentina. Godt me ikkje gjekk i sandalar…

Vel ute av stadion var det berre ein kort spasertur heimatt til San Telmo. Takk for ei flott fotballoppleving. Eg skal garantert tilbake dit!

Masa Critica

Standard

Medan eg sykla gjennom Buenos Aires sine gater, kom eg til å tenkja på den gongen Erik i Neset sykla baklengs medan han sat på styret. Då var eg ovsleg imponert. Det vart eg i dag også!

Masa Critica er ei verdsomspennande protestrørsle som ynskjer å setja fokus på forureininga bilparken utsett jorda vår for. I over 300 byar vert det med jamne mellomrom organisert demonstrasjonar. I Buenos Aires er det den fyrste søndagen i kvar månad. Dette føregår på følgjande måte: ein samlar ein haug med syklistar, desse syklistane klumpar seg saman og syklar ut i trafikken, denne klumpen blokkerar trafikken korhen klumpen fér. Ein form for sivil ulydnad, litt opprørsk, litt «stick it to the man», osv… Alt føregår i svært rolege omstende, og det er mykje smil og latter – om enn mest frå syklistane.

Så der stod eg altså, då, ved den store obelisken på gata 9 de Julio. Det var der me skulle møtast, me syklande demonstrantar, pedalgeriljaen. Eg visste ikkje noko særleg om kva det var eg skulle gi meg ut på, men eg rekna med det var toleg trygt og greitt sidan det var kursleiarane våre som hadde tipsa oss om det. Fyrst tenkte eg at det var jammen ikkje mange syklistar som hadde komme, og det var kanskje forståeleg i den kalde, argentinske søndagsvinden. Ein heil haug med fotsoldatar var der riktignok, men som eg etter kvart forstod var dette ungdommar som var samla for å markera at det kun var eit par veker til Justin Bieber skal komma til Buenos Aires. Dei song Justin Bieber-songar, hylte sånne beatles-jentehyl, og vifta med plakatar der det stod «Når Justin Bieber smilar, smilar Argentina». Det stod det også på dei flotte, lilla t-skjortene alle gjekk med. Vel, bieber-fever’en roa seg etter kvart, og då kom det også fleire syklistar syklande. Me var kring 10 frå Kulturstudier samla, og kring 390 andre syklistar. Ein heil klump, altså! Her var syklar i alle formar og fasongar, og frå dei dyraste dyre til dei meir av kaliberet som Erik i Neset sykla på i min barndom. På signal frå ein eller fleire som sette i nokre hyl, heiv me oss ut i trafikken. Det vart raskt sendt beskjedar hit og dit slik at feltet vart godt samla – og i ei slik breidde at me blokkerte vegen. Gata 9 de Julio er ei gate med 16 filer på det breiaste, men me tok kontroll over kun 4. Slik byrja me vår triumfferd gjennom gater og vegar kringom i Buenos Aires. Det var syklistar som hadde stereoanlegg med seg, nokre gav ut kaker og knask, nokre spela trommer og song, nokre bles i hjallarhorn. Dei fleste av oss sykla berre, og klappa og ropa litt stundom. Moro! I rein rebelliver trødde eg forresten av den eine trøa på sykkelen min og måtte sykla dei fyrste 3-4 kilometer kun med venstrefoten, men i eit lyskryss litt nord i byen klarte eg ved hjelp av ein hendig argentinar og skiftesløkjedl hans å få trøa festa igjen.

På førehand hadde kanskje vore greitt å undersøkt litt kor lengje slike sykkeldemonstrasjonar plar vara, og kor langt ein eigentleg skal sykla, for etter kvart kom me oss ganske langt nord i byen og vekk frå alle gater og bydelar som eg har vore i. Og blant hundrevis av syklistar som ropar og skrålar er det lett å mista dei ein kjenner. Og kva gjer ein når ein er einsam, blant hundrevis av syklistar, milevis frå kjende landemerkje? Jau, ein heng på og vonar at toget går attende til utgongspunktet. Etter kvart fann eg då heldigvis to svenske tjejer som går på spansk med meg, og me haldt oss sånn nokonlunde i augnekrokane til kvarandre. Det gjekk ein time. To timar. Tri timar. Me sykla og sykla og blokkerte trafikken både her og der. Mørkt vart det. Og kaldt. Og vågemeg trur du ikkje at ein etter ein forsvann det syklistar kvar til sitt? Den store massen av syklistar som virka så uovervinneleg byrja no å virka meir og meir som ein flokk urokråker som drog frå stad til stad for å laga ugagn. Ugler i mosen. Ulvar i gatene. Og der sykla eg. Eg lo litt for meg sjølv då eg sykla forbi ein butikk som heitte «Fema». Nå får eg vel ei, tenkte eg…

Etter ei stund ropte leiarane at me skulle sykla inn i ein park. Der fann den eine svenske syklisttjejen fram eit kart, og me fann ut at me var laaangt på andre sida av Buenos Aires. Ei stund vurderte me å sykla ein hovudveg gjennom byen for å komma oss heim, men plutseleg heiv demonstrantane seg rundt igjen og freste i veg og me vurderte det slik at det berre var best å hengja på. På usikre spansksetningar fekk eg veta at  me var på veg tilbake til obelisken og 9 de Julio-gata, så då var det berre å ta sjansen. Nye kilometer forsvann medan me navigerte oss hit ei gate, dit ei gate, ned den gata, opp den gata. Flokken vart mindre og mindre, og det var ikkje lenger noko poeng i å prøva å blokkera trafikken, no var det berre å markera at «Joda, det finnest syklistar som syklar i Buenos Aires sine gater».

Etter 4 timar og 30 kilomter tilbakelagt kom me endeleg fram til utgongspunktet, og godt var det. Hadde me fortsatt nokre kilometer til trur eg knapt det hadde vore andre i demonstrasjonstoget enn ein hólsvulten suldøl og to svenske tjejer… Det var kun 20 syklistar som vende attende til obelisken!

Stolte, og glade for å vera i heimlege trakter, sykla me så heim. Det var moro, interessant, imponerande, og eg gjer det igjen om ein månad!